West Side Workshop vest i vågen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 6. august neste år er det premiere på musikalen «West Side Story» i Moster Amfi.

LES OGSÅ: Amélie vert Broadway-musikal

50 aktørar på scena
Om lag eitt år før premiera var det audition med song og dans i Oslo. I morgon er det klart for ein tilsvarande audition på Bømlo, med regissør Lisa Kent, musikalsk ansvarleg Eivind Gullberg Jensen og Runa Våge Krukhaug til stades. Til saman skal det vera 50 aktørar i ensemblet.

Ynskjer lokale talent
Måndag i førre veke var det høge hopp og grasiøse rørsler til scena «At the gym» i lokala til Bømlo Teater i Urangsvåg. Dagleg leiar i teateret, Brynjar Stautland, skriv i ein e-post at målet med workshopen er å få flest mogeleg lokale dansarar igjennom auditionen. 

LES OGSÅ: Frå Stongfjorden til musikaldraumen

Hard konkurranse
15 lokale ungdommar frå Sunnhordland og Haugalandet var difor inviterte til ein workshop under leiing av dansar og koreografiassistent Stacey Ayana Rasch-Olsen. Ho var sjølv med på audition i Oslo i august. Konkurransen om å få vera med er hard, og det å få trene på koreografien dansarane skal danse under audition er ein klar fordel.

Tryggare på seg sjølve
Produksjonsleiar Maren Laurhammer Gilje opplyser at det vil bli ei fin blanding av profesjonelle og amatørar blant dansarane i ensemblet. Styreleiar Linda Hellen legg til at ein er heilt avhengig av å ha profesjonelle dansarar med, men målsetjinga er likevel å ta vare på lokale talent. 

Å gje nokre av dei trening i dansen som skal framførast på audition, og gjera dei tryggare på denne, kan bidra til at fleire kjem igjennom nålauget.

Unik sjanse
– Fleire av dei som dansar her i dag har røynsle frå tidlegare førestellingar, både i samband med Mostraspelet, andre teaterstykke og musikalar i regi av det som i dag er Bømlo Teater. Her er også elevar frå kulturskulen, musikklinja på Stord vidaregåande skule og Skeisvang videregående skole. Dei amatørane som blir med vidare får arbeida saman med profesjonelle og med Gullberg Jensen som musikalsk leiar. Det er ikkje mange som får sjansen til det. Det er god erfaring å ta med seg vidare, seier Laurhammer Gilje.

Gode danselokale
Bømlo Teater fekk montert spegel i sine lokale i Urangsvåg helga før det vart invitert til workshop. No har teateret eigne og godt eigna danselokale. Dette kjem vel med for borna som no øver til deltaking i årets utgåve av «Julehuset». Men denne måndagen var det altså dei eldre dansarane som fekk øve inn «At the gym» og dessutan dansen til «America» i «West Side Story».

Stor pågang
– Me har hatt enorm pågang av personar som ynskjer å vera med på audition. Det var fleire som ikkje kunne vera med på audition i Oslo, og som har spurd oss om dei kan komme hit på audition også. Det er kjekt, men me har måtte avgrense audition her litt, seier Hellen. 

I løpet av desember månad skal mykje vere på plass med omsyn til kven som skal stå på scena om drygt åtte månader. 

Den amerikanske draum
Det er planlagt to øvingshelgar i april. 4. juli er den amerikanske nasjonaldagen, og når «West Side Story» delvis handlar om den amerikanske draumen er det gjerne passande å starta intensivøvingane nettopp då. Frå 4. juli blir det nemleg øvingar kvar dag fram til premieredagen 6. august. Så står det att å sjå kven som får sin draum om å spela i musikalen oppfylt.

– Talentfulle dansarar
Koreografiassistent Stacey Ayana Rasch-Olsen seier etter workshopen at ho vart gledeleg overraska over det høge nivået på dansarane som deltok. Sjølv har ho i mange år arbeidd som dansar, songar og modell. Ho har budd og arbeidd i England, og der spelte ho i «West Side Story». Det var i 2000 (teksten held fram under biletet).

Evita og Bollywood
Ho har sidan spelt i fleire musikalar, som til dømes «Grease» i Oslo Spektrum. I år har ho dessutan spelt i «Evita» i Kristiansand, og ho har vore dansar i «Carmen». I tillegg til dette har ho dei siste åra vore med som dansar i fleire Bollywood-filmar i India. Nyleg var ho ein månad i India på filminnspeling.

På audition i to dagar
I august var ho på audition til «West Side Story» i Oslo.

– Audition i Oslo var todelt. Den eine dagen var det audition for hovudrollene, og den andre var det audition for ensemblet med song og dans. Det var to lange dagar, men det var veldig gøy, seier Rasch-Olsen.

Koreografiassistent
Kven som blir med i musikalen blir først avgjort etter audition på Bømlo, men sidan Rasch-Olsen er engasjert som koreografiassistent er det nærliggjande å tru at ho kjem til å spele ei rolle i musikalen. Dette vil ikkje Rasch-Olsen kommentere. Det ho kan seie noko om er korleis det har vore å vera instruktør for dansetalent i Urangsvåg.

– Det var kjempemoro å bli spurd. Eg er med på alt som er gøy! Eg vart gledeleg overraska over dansetalentet til dei lokale ungdommane. Dei var veldig flinke. Eg håper dei alle kjem på audition til helga. Dei har absolutt gode sjansar der, seier ho. 

Bømlo by night
Dette var første gongen ho vitja Bømlo. Til helga kjem ho attende for å hjelpa til under audition på Bømlo.

– Eg kom nedover frå Bergen i mørkret, men fekk sett litt dagen etter. Det er ei fin øy. Eg har også høyrt mykje fint om Moster Amfi. Det skal bli kjekt å komme attende til Bømlo og sjå amfiet, seier ho.

Jenny med i dansen
Blant dei 15 unge dansarane som deltok på workshopen var Jenny Larsen. Ho har tidlegare vore med i framsyningane av «Les Misérables» og «Chess» i Moster Amfi. I tillegg har ho spelt i «Musical Highlights» med høgdepunkt frå musikalane på Moster. I tillegg har ho dei ti siste åra spelt i «Kristkongane på Moster». 

– Det kjekkaste i verda
No har ho meld seg på audition til «West Side Story», og i førre veke var ho altså med på workshop.

– Eg har veldig lyst til å vera med. Det er strålande å nytta sommarferien til dette. Eg veit litt om kva dette går ut på. Det å vera med på ein slik musikal på Moster er det kjekkaste i verda. Og erfaringa er nyttig for alle som er med, seier Larsen.

Gøy på workshop
Ho fortel at ho melde seg på workshopen for å få litt betre innblikk i kva ho kan vente seg på audition til helga.

– Eg tykkjer dette var eit veldig bra tiltak frå Bømlo Teater. Dette gir oss ein betre sjanse til å kunne bli med.

– Korleis opplevde du workshopen?

– Det var veldig gøy! Det var slitsamt, men nyttig og gøy.

– Var det vanskeleg?

– Ja, det var litt vanskeleg. Eg er ikkje dansar. Det er bra me fekk denne sjansen så me slepp å læra dansen på audition, svarer Larsen. No håpar ho på ein god audition og sjansen til å bli med i «West Side Story».

– Er du spent?

– Eg er veldig, veldig spent.

Saka var først publisert i Bømlo-nytt.