HAV er namnet på det siste stykket til Jon Fosse, som har premiere under Festspillene i Bergen 2014.

Andrea Rygg Nøtveit
Andrea Rygg Nøtveit

– Eg er veldig glad for at stykket får sin urpremiere i samarbeid mellom tre nynorskinstitusjonar og Festspillene i Bergen, seier Fosse i ei pressemelding frå Festspillene.

LES OGSÅ: Jon Fosse på fjerdeplass

Tilbake til spela
Dette er slett ikkje første gong kulturfestivalen i Bergen får æra av å setje opp ein urpremiere av dramatikaren frå Strandebarm, som var festspeldiktar i for åtte år sidan. Stykket vert sett opp i samband med Hordaland Teater, Det Norske Teatret og Bondeungdomslaget i Oslo.

– Og særleg glad er eg for at Kai Johnsen, som har sett opp så mange av stykka mine, etter fleire års avbrekk, no igjen set opp noko eg har skrive, seier Noregs største nolevande dramatikar.

LES OGSÅ: Jon Fosse pustar liv i Fridtjov 

Fosse-karakter
Namnet på skodespelarane som skal ikle seg Fosse sine karakterar vert ikkje offentleggjort før i februar.

Stykket utspelar seg kanskje på ein båt på eit hav. Her møtest ulike menneske som delvis er ukjende for kvarandre, og delvis står kvarandre svært nær.

I ein overgangsfase mellom liv og død opplever dei livssituasjonar om att. Menneska ser seg sjølve utanfrå og innanfrå. Det er eit symbolladd univers, men samstundes prega av Fosse sine leikande og forsonlege «små menneske» som får eit stort lys over liva sine, heiter det i pressemeldinga

Dein nynorske tekstane til Fosse har vorte omsette til over 40 språk, og spela har vorte sett opp meir enn tusen gonger. Enda fleire vil det verte, for etter at HAV har hatt premiere i Bergen imai, skal det spelast i Oslo frå hausten av.

LES OGSÅ: Jon Fosse får Målprisen 2012 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48

Kommentarar

ANNONSE