Store forskjellar i engelskkunnskapar
Åttandeklassingane i Oslo, Akershus og Rogaland er best i engelsk.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Her er dei best i engelsk
Åttandeklassingane i Oppland, Hedmark, Aust-Agder og Nord-Trøndelag scorar dårlegast i dei nasjonale prøvane i engelsk, ifølgje tal frå Utdanningsdirektoratet. Elevane tok prøvane i september i haust.
Viss ein ser på dei lågaste meistringsnivåa, er det store forskjellar mellom fylka. 38 prosent av elevane i Nord-Trøndelag er på dei lågaste nivåa i meistring. Men ting ser ut til å betra seg noko i fylket, då delen av elevar på det lågaste meistringsnivået har gått ned med over 3 prosent.
Elles er det små forskjellar i utviklinga meistringsnivå. Det er også svært små forskjellar i resultata mellom gutar og jenter.