– Jula mister litt av magien om det startar for tidleg, seier bakaren som ikkje vil selja kakemenn før advent.

Anders Totland, Sunnhordland.no
Anders Totland, Sunnhordland.no

Peder Bakar, eller Peder Sjo Slettebø som han eigentleg heiter, likar dårleg at julepynten, og ikkje minst godsakene, kjem fram i hyllene tidleg på hausten. No tar han affære, og går sjølv føre som eit godt førebilete.

Om han ikkje gjev etter for presset undervegs, blir det ingen kakemenn å få kjøpt i utsala hans før det nærmar seg advent.

Positive reaksjonar
– Me tok ei lita meiningsmåling på Facebook-sida vår, og responsen tyder på at dette er noko som folk faktisk vil setja pris på. Men blir det opprør og protestar har eg ein tendens til å gje etter, seier Sjo Slettebø.

– Du lovar ikkje å stå løpet heilt ut, dersom presset blir for stort, altså?

– Det er jo kundane me er her for, og dersom det blir store protestar skal me lytta. Men reaksjonane har vore positive så langt, og eg trur mange meiner me set fram jula altfor tidleg. Me får sjå på dette som ei lita samfunnsvitskapleg undersøking, så får me evaluera etter jul. Dersom det blir suksess, kjem kanskje andre etter neste år, håpar bakaren på Halsnøy.

Kakemenn på vent
– Prøver du å starta ein ny trend?

– Eg vil ikkje leggja meg opp i korleis andre næringsdrivande legg opp julehandelen, men eg legg ikkje skjul på at eg sjølv synest jula startar for tidleg. Og eg håpar sjølvsagt at me kanskje kan klara å starta ein liten trend, i alle fall her lokalt, seier Sjo Slettebø.

Men sjølv om kakemennene, peparkakene og kransekakene ikkje hamnar i bakerihyllene på ei god stund enno, lyt bakaren vedgå at heller ikkje han klarer å halda butikken heilt julefri den neste tida.

– Det populære julebrødet vårt kjem nok i hyllene om ikkje altfor lenge, seier Sjo Slettebø.

Lengtar du til jula? Gå til julesidene våre!

Jul sidan haustferien
På butikken Fem Høns i Leirvik har dei valt heilt motsett strategi av bakaren på Halsnøy. Sjølv om det enno er lenge til jul, har dei for lengst funne fram julepynteni butikken.

– Me har hatt jul i butikken sidan haustferien, seier dagleg leiar Mona Våge Åsheim.

Ho synest sjølv det er litt tidleg, men av praktiske grunnar har dei valt å gjera det slik.

– Dessutan har salet av julegåver starta. Sesongen er frå midten av oktober til jul, seier Våge Åsheim.

Les saka i Sunnhordland!

Synest du jula kjem for tidleg i butikkane, eller er det heilt greitt? Ta debatten i kommentarfeltet!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47
ANNONSE