Sur eller sint?

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Sur eller sint?

Halloween er i ferd med å ta heilt av. I år blei det rapportert om fleire svært skremmande episodar. Her er nokre av dei grovaste:

Frps avtroppande partileiar Per Sandberg blei observert då han gjekk frå dør til dør og viste fram omslaget til den nye boka si til partifeller. Han sa ingenting, berre smilte og viste fram omslaget. Og så sprang han vidare.

Han hadde kledd seg ut som ein nestleiar som ønsker å tilbringe meir tid med familien.

Nokre av partifellane seier at dei blei skremde av opplevinga. Men dei fleste seier at dei først og fremst blei litt forvirra. Og ein del meinte Per Sandberg blanda saman Halloween og den klassiske rampestreken «ringe på og stikke av».

Heime hos landbruksminister Sylvi Listhaug dukka samtlige norske politiske kommentatorar opp på Halloween-kvelden for å skremme henne. Fleire av dei hadde kledd seg ut i skjorter og jakker, og nokre av dei hadde latt vere å trimme skjegget dei siste fjorten dagane for å sjå ekstra skumle ut. Dei hadde øvd seg i dagevis på å seie «Gå av eller gå av» i kor når døra blei opna, som ein litt artig vri på Halloween-klassikaren «Knask eller knep».

Men døra blei aldri opna. Listhaug var vel ikkje interessert. Eller så var ho ikkje heime. Kanskje var ho i møte med dagligvarekjedane.

Kommentatorane var litt skuffa etterpå. Dei hadde gleda seg til dette i fleire veker. «Eg trur ho hadde blitt skikkelig skremt,» sa ein av dei etterpå. Og dei andre var enige. Naturligvis. Dei er jo alltid det.

Men kommentatorane var likevel trass alt ganske fornøgde med kvelden. Ingen gjekk av. Men kommentatorane hadde tatt med seg rikelig med snop som dei gav til kvarandre. Arne Strand fekk ekstra mykje, sidan han ropte høgast. Dessutan hadde han kledd seg ut som ei liste, så dei andre syntest han fortente ein liten ekstrapremie for den veldige kreativiteten. Så gjekk dei vidare for å vere etiske om boka til Marit Christensen.

Tidligare i veka – faktisk både måndag, tirsdag og onsdag – banka den same gjengen på dørene til sjefar i First House, og ropte «List eller last!»

Som regel fekk dei svaret: «List eller last? Kva betyr det? Det gir jo ikkje meining i det heile tatt.»

Då blei kommentatorane litt fornærma og sa: «Det er to ord som begynner på same bokstav, og det eine ordet har litt med saka å gjere. Det held for oss.»

Og så blei døra som regel stengt.

Nokre av sjefane spurde kvifor kommentatorane gjekk frå dør til dør for å skremme folk på måndag og tirsdag, når Halloween er på torsdag. Då måtte kommentatorane, så pedagogisk som berre dei kan, forklare at på torsdag har dei ikkje tid, for då skal dei både skremme Listhaug og vere etiske om boka til Marit Christensen. «Vi kan ikkje rekke alt heller,» sa ein av dei. «Vi er ikkje overmenneske.»

Det var, til ei forandring, faktisk ikkje alle dei andre kommentatorane enige i. Så gav dei snop til kvarandre.

Dei skulle akkurat til å gå vidare, hand i hand sidan det var mørkt og litt skummelt ute, då dei såg Per Sandberg springe frå dør til dør for å vise fram omslaget sitt. Så då sprang dei etter han for å spørje om dei ikkje kunne få lov til å lese litt i boka hans før alle andre, fordi det er slikt som gjer at dei kjenner seg litt viktige og at liva deira har ei slags meining, trass alt. Sandberg nekta. Kommentatorane prøvde så å skremme Sandberg, men dei kom ikkje på eit passande ord som begynte på s, så forsøket fall i fisk. Heldigvis hadde dei i det minste meir snop som dei kunne gi til kvarandre.

Amerikanarane, som har funne opp heile Halloween-greia, prøvde også å skremme folk i Norge med mistankar om at dei overvåker oss, og alle andre. Det funka dårlig. Ingen i Norge trur eigentlig at vi er spennande nok til å bli avlytta.

Først publisert i Aftenposten 2. november.


Les fleire Are Kalvø-tekstar her!