Skal ein bli eller bryte opp?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sol, seier ho er historia om Anna, som bur åleine på ein gard i heimbygda. Foreldra har reist. Kjærasten bur i Portugal. Anna arbeider med masteroppgåva si og tek seg av dottera til venninna.

– Ein lesar skildra Anna som ein merkeleg og litt framand fugl. Det passar fint, seier forfattar Ingrid Z. Aanestad.

LES OGSÅ: – Nynorsk litteratur har aldri stått sterkare

Tilhøyrsle og oppbrot
– Anna bur på ein gard som ho ikkje driv. I staden held ho på med masteren sin, og det gjer henne litt einsam. Det er ikkje så sjølvsagt at ho skal bu i heimbygda. Snarare tvert om hadde det vore meir opplagt om ho budde ein annan plass, og ho har fridommen til å ta det valet. Likevel er det noko ved heimstaden som er viktig for henne, noko som får henne til å bli.

Sol, seier ho handlar om ei ung kvinne som er knytt til heimstaden sin, men som lengtar heim medan ho er heime, og som kjenner seg som ein tilflyttar til si eiga bygd. Og den handlar om dragnaden ut. Forfattaren sjølv vaks opp på Klepp i Rogaland.  Dilemmaet om å bli på heimstaden eller reise til verda der ute er kjent for henne.

– No er det ikkje så mange som trur at eg kjem til å slå meg ned på Jæren lenger, men eg kjenner meg att i spørsmålet ein ofte får om ein har tenkt å flytte heim.

– Trur du lesarar som ikkje kjem frå små plassar også kan kjenne seg att?

– Ja, på sett og vis tenker eg at alle veks opp på små plassar. Ein er jo del av små samfunn i byar òg. Samstundes handlar ikkje dilemmaet i boka berre om stadar. Skal Anna bli i forholdet med kjærasten eller ikkje? Og kva med relasjonen til venninna? Boka handlar om å bli eller å bryte opp, også i relasjonar. Det gjeld oss alle.

Forlaget Oktober skildrar romanen som ei bok om tilhøyrsle, oppbrot og forsvinning. Temaa stod tideleg tydeleg for forfattaren.

– Det er tema som interesserer meg veldig, og som skrivinga gjev mogelegheit til å utforske, seier ho.

LES OGSÅ: – Det vanlege er eksotisk

Stille dramatikk
Dempa og var tilstandsskildrar, med eit reinskore og lada uttrykk, meinte meldaren til Dagbladet om den førre romanen hennar. Stille, sanseleg, nær og presis, skreiv Morgenbladet sin meldar. Heller ikkje i den siste romanen til Aanestad vert historia fortalt med store bokstavar. Dramatikk manglar boka likevel ikkje.

I forteljinga om Anna og menneska i livet hennar ligg andre historier, om psykiske vanskar, sjølvmordsforsøk, sjukdom, personar som forsvinn, kjærleiksbrot og alkoholisme. Ein anar ikkje berre dramatikken. Det står der. Likevel er det som ein trillar gjennom det. Det dramatiske skjer, så går tida vidare. Kvardagen stoggar ikkje.

– Kanskje slik som det er i røynda?

– Ja, det skjer jo dramatiske ting heile tida, men vi held fram i vår kvardagslege røynd. Sjølv om det er heilt absurd, så gjer vi jo det. Eg trur det dramatiske i eit menneskeliv kan koma like tydeleg fram i eit enkelt språk som i eit meir valdsamt språk.

LES OGSÅ: McNynorsk på menyen

Blir ikkje lettare å skrive
Sol, seier ho
 er den fjerde romanen til Aanestad. Den første gav ho ut allereie som 23-åring. Ho tykkjer likevel ikkje det har blitt enklare å skrive.

– Sjølv om eg har meir praktisk erfaring no, så er ein alltid ny i skapande verksemder som skriving. Det er noko vidunderleg fritt med di første bok. Alt er mogeleg på ein spesiell måte. No må eg lære sleppe meg på ny for å kunne skrive, eg må setje meg i nybyrjaren sin posisjon. På den måten er det ikkje lettare å skrive enn før. Sol, seier ho er òg litt annleis enn dei førre bøkene mine. Strukturen er meir komplisert,  den går meir fram og tilbake i tid og gjer større tankemessige rørsler.

– Tenkjer du på lesarane dine når du skriv?

– Minst mogleg. Det vert forstyrrande. Samstundes skriv eg ikkje utan tanke på verda, eg freistar å gå dialog med tida vi lever i, og tenker på litteraturen som ein samtale om kva det vil seie å vere menneske no.

– Er du oppteken av om folk liker det du skriv?

– Når boka er skriven kjenner eg meg veldig ferdig med den. Då har eg gjort mitt. På same tid tyder det jo noko for meg å bli lesen. Eg kan bli glad og smigra om folk liker boka, men dei kan like godt sitte att med ambivalente kjensler, utan at det er noko dårleg. Det viktigaste for meg er at lesarane på ein eller annan måte blir rørt.

Saka var først publisert i Magasinett.