"Søsken til evig tid" fekk publikumsprisen under Bergen internasjonale filmfestival. Men det var publikum i Sogndal fekk vita om pristildelinga først.

Mariann Skau, Sogn Avis
Mariann Skau, Sogn Avis

Tysdag kveld var det prisutdeling på Bergen internasjonale filmfestival (BIFF). Filmen "Søsken til evig tid" om søskeparet Magnar og Oddny Kleiva som driv jordbruk på gamlemåten i Naustdal, vann publikumsprisen.

– Utruleg
– Publikumsprisen er for meg eigentleg det gjævaste. Der konkurrerer me med filmar i alle sjangrar. Det er utruleg at prisen går til ein dokumentar, me konkurrerer mot storproduksjonar, seier regissør Frode Fimland.

Sjølv var han i Sogndal då prisen vart delt ut. Fimland deltok på førpremieren der, og han er ikkje lei seg for at han gjekk glipp av prisutdelinga i Bergen.

– Eg kan ikkje vera i Bergen og venta på prisar, så det angrar eg ikkje på. Prisen har me fått, kven som tek imot han, betyr sånn sett ikkje noko.

Sogndal først
Fimland sat i bilen på veg mot Sogndal då han fekk beskjed om at dei kom til å få publikumsprisen.

– Sognepublikummet vart nokon av dei første som fekk vita om prisen, faktisk nokre minuttar før dei fekk vita det i Bergen.

Fimland fortel om ein fantastisk kveld på førpremieren i Sogndal tysdag.

– Det var vel ingen som på førehand hadde trudd at dei skulle måtte bera inn ekstra stolar i salen, og eg har høyrt rykte om at ikkje alle kom inn. Og responsen og applausen etter filmen var berre heilt fantastisk.

– Tek ikkje av
– Og enno har me ikkje kome til premieredatoen.

– Nei, det er jo artig oppi det heile. Eg er no på veg til Oslo for å visa filmen, fortel Fimland onsdag føremiddag.

Han tykkjer det blir veldig spanande.

– No har me vist filmen i Bergen, Førde, Sogndal og Naustdal, men det blir litt annleis i Oslo, seier han, og legg til at det er veldig greitt å ha med seg ein publikumspris i bagasjen.

– Og kva med hovudpersonane i filmen, korleis tek dei all merksemda filmen får?

– For dei går livet vidare, uavhengig av publikumspris. Dei har fått vist filmen i bygda, og det var det store for dei. Eg rapporterer korleis det går, men dei tek ikkje av der oppe, det kan eg lova deg.

Publikumsprisen på Bergen internasjonale filmfestival er ei marknadsføringspakke frå Filmweb på 75.000 kroner.

Les òg: Søskenpar frå fylket blir filmkjendisar

Les saka i Sogn Avis!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE