BOKMELDING: Boka om Kenneth Sivertsen er eit gripande og velskrive portrett som vekkjer interessa for musikken til den eineståande komponisten og musikaren.

mm

Historia om mostringen Kenneth Sivertsen er ei historie om eit uvanleg talent, absurde innfall og ville påfunn, intense kjærleikshistorier, men også om det som kan bryta ned eit menneske. Kenneth Sivertsen døydde julaftan 2006, berre 45 år gammal.

Første del av boka handlar om oppveksten på Moster, dei to åra på folkehøgskule på Voss og dei første skapande åra som musikar og komponist. Allereie som 11-åring spelte han i det Beatles-inspirerte bandet One, Two, Three. Som 22-åring skreiv han sin første symfoni. Kenneth Sivertsen var klassisk komponist, skreiv viser, spelte med nokre av dei fremste amerikanske jazzmusikarane. Boka minner oss om alt han skapte som musikar før han blei rikskjendis som kabaretartist saman med kjærasten Herborg Kråkevik og turnerte ein periode saman med 47 teddybjørnar. Før han skapte førstesideoppslag etter førstesideoppslag i vekeblad og tabloidaviser.

Siste delen av boka er via til nedturen, drikkinga, skandalane, sjukehusopphalda, oppslaget i Se og Hør der han står fram med eit halvt hovud og slutten på livet. Første delen av boka får me nokre frampeik som kan gje ei slags forklaring på korleis det kunne gå som det gjekk. Behovet for merksemd, den lite utvikla evna til å innsjå kva tid nok er nok og seinare alkoholmisbruk. Men forfattaren stiller likevel fleire spørsmål enn ho gjev svar på korleis det kunne gå slik.

Katrine Sele er ikkje frå Bømlo, som nokon kanskje kan tru utifrå etternamnet hennar. Ho møtte aldri Kenneth Sivertsen, men gjennom boka hennar kan truleg også dei som kjente han læra noko nytt. Boka er basert på ei rad med intervju med familie, tidlegare kjærastar, venner, musikarkollegaer og mange avisklipp og brev. Nokon vil kanskje meina det er for mange detaljar, men eg synest dei gjev eit levande bilde av han. Dei små historiene og anekdotene skildrar han som menneske og gjev liv til teksten.

Det er vanskeleg å ikkje bli rørt av boka om Kenneth Sivertsen. Plutseleg må ein berre le – før ein blir provosert eller sit der med klump i halsen.

Katrine Sele skildrar morosame episodar med god timing. Boka er i det heile svært velskriven og godt komponert.

Eit godt grep er å inkludera mange av tekstane til Kenneth og tekstane som han tonesette. Det passar i ein biografi om ein multikunstnar som Kenneth Sivertsen. Men eg skulle gjerne ha likt å vita kvar tekstane er henta frå. Det er ikkje like enkelt å skjøna. Uansett: boka gjev meg lyst til å høyra meir av alt det han skapte.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE