Debuterer i spektakulær skifilm

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I filmen følgjer vi eit knippe av verdas råaste ski- og snowboardkøyrarar på ein intens og uventa reise gjennom eksotiske destinasjonar i Noreg, Sverige, Canada, USA og New Zealand.

Aksel Lund Svindal, PK Hunder, Jesper Tjäder, Terje Håkonsen og Andreas Ygre Wiig er blant stjernene vi får sjå i filmen.

Skitalentet Torgrim Vole frå Vågå er også med i filmen «Supervention». Gjennom ein sekvens frå Sunnmørsalpane viser Torgrim Vole og Åsmund Thorsen fram kva dei og fjella har å by på. Dette er berre éin av mange spektakulære frikøyringar gjennom dokumentarfilmen.

Det er produksjonsselskapet Field Productions som har produsert filmen. Selskapet har tidlegare vunne ein rekkje prisar innan filmbransjen.

Filmen har altså premiere på kinoar over heile landet fredag denne veka. «Supervention» varer i godt og vel halvannan time, og kan sjåast av alle, sjølv om målgruppa er ungdom og vaksne. Filmen blir utgjeven på DVD i desember for dei som ikkje får høve til å sjå filmen på kinolerretet.

LES OGSÅ: – Min største skrekk er å bli vaksen

Sjå klipp frå filmen her:

Les saka i Fjuken!