Forfattar Agnes Ravatn blir festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2014. – Veldig upassande, seier Ravatn sjølv, som meiner ho har hatt ein lett karriere.

NPK-Monica Lindanger
NPK-Monica Lindanger
Faktaboks

Agnes Ravatn, forfattar, bloggar og journalistisk essayist med ei observant, frekk og morosam form og med ei tydeleg litterær røyst.
Agnes Ravatn er fødd 8. februar 1983 i Ølen i Vindafjord og er no busett i Oslo.
Ravatn debuterte i 2007 med den kritikarroste romanen Veke 53, om den misnøgde, skilde og middelaldrande lektoren Georg Ulveset. Året etter kom fanzinen Ikke til hjemlån, som ho gav ut saman med Kjersti Rorgemoen, Anja Ulset og Mari Ulset. Dei utfordra den litterære tidsånda og den såkalla gode smaken gjennom kollasjar, teikningar og tekstar. (Ordet fanzine er sett saman av dei engelske orda fan og magazine.)
I 2009 kom essaysamlinga Stillstand. Sivilisasjonskritikk på lågt nivå. Ravatn gir her eit humoristisk og kritisk portrett av det moderne Noreg. Det er ei samling av «reisebrev frå stader der ingenting skjer», som ho hadde skrive i Dag og Tid. I 2011 gav ho ut Folkelesnad, ei essaysamling om vekeblad. Tekstane var opphavleg publisert som ein serie i Dag og Tid. Ravatn er svært kunnskapsrik og har ein ironisk, frekk og uventa skrivemåte, der ho gjer lite for å skjule seg sjølv. I 2013 gav ho ut romanen Fugletribunalet.

Les meir om Agnes Ravatn i Allkunne!

LES FAKTALUKK FAKTA

Det var stor semje i festspelkomiteen ved Aasen-tunet om Agnes Ravatn frå Ølen som festspeldiktar for 2014. Men reaksjonen til den 30 år gamle forfattaren då ho fekk telefonen frå programansvarleg Karine Munch ved Aasen-tunet var «neeeei!».

Toppen av kransekaka
– Eg har hatt litt tid til å fordøya det no. Eg synest det er veldig upassande, er den overraskande kommentaren frå Ravatn om kva ho synest om det ærefulle oppdraget.

– Eg har hatt det ganske lett i karrieren. Det har skjedd mykje bra. Dette er toppen av kransekaka. Det er vanskeleg å sjå at eg har fortent det. Men det er veldig inspirerande og kjekt, legg ho til.

Ravatn synest det er fint at ho får æra av å vera festspeldiktar så tidleg i forfattarskapen.

– Eg veit at unge festspeldiktarar tidlegare har hatt stort utbytte av det. Det er veldig fint å få ei sånn anerkjenning. Forfattaryrket er einsamt. Det er heilt klart positivt for den vidare karrieren. Men eg har ei lang liste forfattarar som hadde fortent dette meir, understrekar Ravatn.

Gå til Agnes Ravatn-sidene våre!

Vil skapa mildt ubehag
Programansvarleg Karine Munch fortel at Ravatn blei vald på grunn av at ho er ein svært mangfaldig og engasjert forfattar og skribent, som har skrive både romanar, essays og spaltar. I haust kom romanen «Fugletribunalet».

Temaet for festspela 2014 er språk og makt. Munch meiner det då er veldig bra å ha ei ung kvinne som festspeldiktar.

– Agnes har språket i si makt, og me er veldig begeistra for den siste boka. Men at ho no blir festspeldiktar er på bakgrunn av heile karrieren, seier Munch.

– Ho har utmerkt seg gjennom fleire år, men den siste boka er ein heilt ny sjanger. Det viser breidde, legg kommunikasjonsrådgjevar ved Aasen-tunet, Laila Walseth Lid, til.

– Makt er eit veldig ope tema. Tematikken er evig aktuell, både på makro- og mikronivå. Eg håper me kan opplysa og utforska tematikken på nye og alternative måtar, seier Ravatn, som gler seg til å ta fatt på det ærefulle oppdraget.

Ho vil utfordra makta til dei som «sit på toppen av Aasen-tunet».

– Dei har vore litt konfliktsky i tidlegare programpostar. Eg vil skapa eit mildt ubehag og ta opp risikable spørsmål, slår Ravatn fast. (©NPK)

Les siste boknytt her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

Kommentarar

ANNONSE