Statsstipend til dokumentaristar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

I forslaget til statsbudsjett, som idag vart lagt fram av dei raudgrøne, har Erling Borgen og Karoline Frogner fått tildelt statsstipend på 421 100 kroner årleg fram til fylte 67 år.

LES OGSÅ: – Mykje bra norsk dokumentar

Treng modige frie røyster
Dei siste ti åra har Erling Borgen produsert, skrive og regissert 38 dokumentarar om menneskerettar, kunst og kultur, som alle er synt på landsdekkjande tv-kanalar.

– Ein viktig føresetnad for eit levande demokrati i Noreg er at vi har ein kunnskapsbasert og kritisk debatt. Vi treng slike modige og frie røyster som den Erling Borgen har. Han er kritisk, modig, uavhengig, kunnskapsrik og glødande oppteken av å styrkje menneskerettane nasjonalt og internasjonalt, seier kulturminister Hadia Tajik i ei pressemelding frå departementet.  

Borgen er òg ein aktiv samfunnsdebattant og foredragshaldar, i tillegg til forfattar av bøker og artiklar.

LES OGSÅ: Vil vere ei stemme for dei stemmelause

Ikkje-kommersielt
Arbeida til filmskapar, regissør og forfattar, Karoline Frogner, er kjenneteikna av eit humanistisk engasjement og eit brennande forsvar for dei svakaste i samfunnet – noko som mellom anna kjem til uttrykk i dokumentarfilmar om romfolk, kvinner under nazismen og enkjer i Rwanda.

– Eit statsstipend vil gje Karoline Frogner betre høve til å halde fram som den ressurspersonen ho er i dag, og vere eit tydeleg, kritisk og humanistisk ikkje-kommersielt innslag i norsk samfunnsliv, seier kulturministeren i pressemeldinga.