Blanke ark

Jostein Avdem Fretland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

me går mot vinter no, på vår nordlege halvkule, noko bestefar min allereie har konstatert med ei viss gru, som om sommaren var ei lang helg og måndagen nærma seg. sist haust var han så sjuk at han knapt visste kven han var, da våren kom var han allereie betre, og sommaren var berre full av ljos og liv, slik somrar er, med oldeborn og sol og ting som skjer heile tidi. no står det berre att å sitja og vente på at alt rundt han skal fryse ned og døy, medan han sjølv må motivere seg for å henge på litt til, i von om at vinteren skal gje seg att til slutt, at nytt liv av daude gror, og alt det der. 

det er difor eg finn det så rart at det er på hausten at alt nytt tek til; skular, studie, regjeringar, alt mogleg, og eg går ut frå at det skuldast dei gamle grekarane eller romarane eller nokon andre som budde i land der det knapt gjekk an å gjera noko fornuftig i sommarmånadene, for eg kan ikkje forstå logikken i at me skal starte på ny frisk samstundes med at mest heile skaparverket visnar rundt oss og anten går i dvale eller berre døyr. tenk kor naturleg det ville vore å sprunge til fyrste skuledag ein ljos marsmorgon, i takt med at krokusen skaut og at småfuglane fann attende til trei dei hadde forlate hausten før. men, nei, våren er tid for ferieplanar og innspurtar, det er om hausten at alt nytt tek til.

i og med at eg er longe ferdig på skulen og kjenner meg ganske utstudert, skulle ein tru at eg ikkje lyder lenger denne noko ulogiske livsrytma me menneske har lagt oss til. men da eg kom attende til london nyleg, etter ei veke med bokpromotering i oslo, kjende eg brått at det var haust og tid for å koma i gang med noko nytt. ikkje for det, me hadde planlagt ymse før, men no kjende eg lengten etter å bruke hendene; kjenne på papiret og pennen og hauste heim nye ord til nye verk og veta at eg skapte noko, at strevet mitt vart til eitkvart handfast, om enn berre skrift på eit papir. som eleven, boblande etter å få synt fram det han har lært i sommarferien, bobla eg etter å omsetja mine siste lærdomar i tekst og tonar, same kva, berre det er nytt og blankt og skin som eit heilt nytt penalhus eller det aller fyrste eplet du plukkar frå treet i hagen.


Først publisert på Magasinett.