– Utestadar bør inkludere dei yngste

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hayad A. Hussein tek eit årsstudium i drama ved Høgskolen i Bergen (HiB). Ho er den einaste på sitt studie som er under 20 år, og vegrar seg difor for å vera med dei andre i klassen ut.

– Eg vil ikkje øydeleggje for dei andre. Eg trur ikkje dei er klar over det, men eg seier ofte nei til å vere med ut fordi dei då vert tvinga til å gå på 18-årsstadar, seier ho.

Løysinga blei å byrje som frivillig på Hulen, der Hussein har fått mange vener i miljøet. Ho vurderte å vente med studiane til ho vart 20 for å kunne ta del i det sosiale miljøet, men har funne andre løysingar.

– Heldigvis finn vi på mykje anna sosialt som ikkje involverer alkohol. Vi går til dømes mykje på quiz. Då på stadar med 18-årsgrense, som Kvarteret, seier Hussein.

LES OGSÅ: Ein av tre butikkar sel øl til mindreårige

Utfordrar utestadane
Arild Holm, distriktssekretær i Hotell- og restaurantarbeidarforeininga, har etter mange år i utelivsbransjen sett ei utvikling blant utestadane han ikkje syns noko om.

– Før var det mykje vanskelegare å få skjenkjeløyve for brennevin enn i dag, og ein måtte drive i tre år med berre løyve for øl og vin før ein fekk moglegheita til å få brennevinsløyve. Då var det fleire utestadar med 18-årsgrense enn i dag, sjølv om mengda utestadar har tredobla seg, seier Holm.

Han meiner at det er for få av dei i dag, noko som fører til at alt for mange ungdommar må samle seg på ein plass. Han meiner dei allereie etablerte 20-årsstadane burde opne for eit betre tilbod for 18- og 19-åringar.

– Det er klart at store delar av den yngste gruppa ville tatt i bruk eit kulturtilbod på til dømes Garage, om dei hadde kome inn her, seier han.

For vanskeleg å kontrollera
Jonas Lundal, bedriftsansvarleg for selskapet Bergen Servering, eigar av blant anna Tidi og Kaos, seier det er uaktuelt å opne for 18-åringar her, sjølv om han ikkje meiner det er forskjell på ein 19 og 20 år gamal student.

– Vi tener meir på å ha 20-årsgrense, slik at vi kan ha brennevinssal. Det ville vore ugunstig å berre selje øl og vin. Det å til dømes opne for ordningar som «kryss-på-handa» for dei under 20 år verkar ikkje i praksis, seier Lundal.

Meir politi og kaos
Det ligg mange populære utestadar i Nygårdsgaten, og han fortel at dei opplever reaksjonar frå politiet på bråk og fyll.

Lundal hevdar at å setje ned aldersgrensa vil føre til lengre køar og meir kaos.

– Vi er ikkje interesserte i meir merksemd frå politiet, seier Lundal.

Adrian Temporales, leiar for Kaos og Tidi, seier at han har blitt kontakta av fleire studentorganisasjonar ved lærestadane i Bergen, og seier at dei vurderer ei kompromissløysing der dei opnar stadene for 18-åringar med studentbevis ein dag i veka.

– Onsdag er den roligaste dagen på utestadane og er difor den dagen vi vil vurdere til dette formålet, seier han.

LES OGSÅ: – Alkohol og tobakk itl 16-åringar

Lukka dør
Kvarteret, Hulen og Østre har tatt på seg ansvaret som kulturformidlarar til dei yngste i utelivsmarknaden med 18-års aldersgrense. Marius Solberg, dagleg leiar for Kvarteret, fortel om eit nytt prosjekt for å famne fleire.

– Kvarteret opnar i år ei ny avdeling i tredje etasje med 20-årsgrense. Utestaden skal halde fram med å ha 18-årsgrense i resten av lokalet, seier han.

Solberg fortel at deira praktiske lokale mogleggjer ei slik ordning.

– Vi kjem til å auke vakthaldet og ha ei lukka dør mellom avdelingane. Det skal ikkje bli eit problem å vere ein utestad for både 18-åringar og 20-åringar.

Les saka i Studvest!