– Sei meininga di om verda

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ungdom er framtida, men også ein del av notida. Mange av dei som blir ramma av humanitære utfordringar i verdssamfunnet er unge, og dei som sit med løysingane er unge menneske. For eksempel er over halvparten av Røde Kors sine frivillige verda over, unge menneske, fortel leiar i Røde Kors Ungdom, Charlott Nordström.

FNs Tusenårserklæring er eit dokumentet som omhandlar alle sider ved FNs verksemd, frå fred, sikkerheit og nedrusting, til fattigdom og menneskerett. I dette dokumentet konkretiserer FNs tusenårsmål åtte konkrete mål for å overvinna fattigdom, som skal nåast innan år 2015. Fleire av tusenårsmåla er allereie oppnådd.

Frå 2015 må nye mål og prioriteringar på plass, i det ein kallar Post 2015-agendaen, og Røde Kors ber dei unge leia an.

– Me ser at unge er opptatt av dette, og er positive til å få delta i ein slik open påverknadsprosess. Allereie har vi samla røyster blant frivillige internt i organisasjonen, men vi har også fått ungdomen i gata til å seie si meining, fortel Charlott Nordström.

Sjå foto frå då Røde Kors Ungdom samla røyster på Olaf Ryes plass i Oslo!

– Me ser at unge menneske har sterke meiningar. Ein er engasjert i ulike spørsmål, men det er tydeleg eit felles engasjement for at verdssamfunnet skal stå saman og bidra i internasjonale humanitære spørsmål, internasjonal utvikling og bistand, fortel Nordström.

Denne hausten inviterer også Røde Kors fleire norske ungdomsorganisasjonar saman, til ein felles workshop om Post 2015-agendaen, og kva prioriteringar norsk ungdom vil setja.

Fortel kva for ei satsing du meiner er viktig her!

Faktaboks

Dette er tusenårsmåla til FN:

1. Utrydda ekstrem fattigdom og svolt
2. Sikra utdanning for alle
3. Styrkja stillinga til kvinner
4. Redusera barnedødelegheita
5. Reduseae svangerskapsrelatert dødelegheit
6. Stoppa spreiing av hiv/aids, malaria og andre dødelege sjukdommar
7. Sikra bærekraftig utvikling for miljøet
8. Byggja ein global partnarskap for utvikling

Les meir om delmåla hjå FN-sambdet og FN (engelsk)