Kampen for «upraktiske» menneskerettar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– «Upraktiske» menneskerettar

Raftoprisen til Bahrain Centre for Human Rights (BCHR) rettar søkelyset mot systematiske menneskerettsbrot i ein region der overgrep altfor ofte blir møtt med tausheit frå vestlege regjeringar.

– Prisen anerkjenner ein organisasjon som har jobba målretta for rettane til både statsborgarane i Bahrain og dei mange arbeidsinnvandrarane i landet. BCHR har promotert ikkje-vald i protestane mot det sitjande regimet og tatt i bruk digitale medium for å spreia bodskapen på ein svært effektiv måte, heiter det i grunngjevinga.

– Takk for de vel å velja å retta merksemd mot menneskerettssituasjonen i Bahrain. Det er det stor trong for, skreiv Maryam al-Khawaja, fungerande leiar for BCHR i takk til Raftostiftinga på Twitter i dag.

LES OGSÅ: Rettssinka Noreg

– Krev stort mot
– Det krev stort mot å kritisera styresmaktene i Golf-statane Bahrain, Dei sameina arabiske emirat, Kuwait, Oman, Qatar og Saudi-Arabia. Krav om politiske rettar blir ofte oppfatta som personleg kritikk av den herskande emiren eller kongen, og blir straffa strengt. Som følgje av den arabiske våren har fleire Gulf-statar skjerpa bruken av fengselstraffar for regimekritikk, heiter det i grunngjevinga frå Raftostiftinga.

Seinast i juni 2013 blei den 37 år gamle lærarinna Huda al-Ajmi i Kuwait dømt til 11 års fengsel for å ha kritisert emiren på Twitter. I kongedømmet Bahrain kan fornærming av kongen eller flagget straffast med fem års fengsel.

I Bahrain starta ei protestbølgje samtidig med den arabiske våren, og denne har sidan 2011 blitt møtt med stadig hardare verkemiddel frå styresmaktene. BCHR har stått sentralt i å dokumentera dei mange menneskerettsbrota både før 2011 og i åra som uroa har vart.

Sjølv ikkje mindreårige blir spart. Historia til 17 år gamle Ali Omran er typisk: I april 2012 blei han arrestert under ei husransaking, og deretter slått og sparka. I fengselet blei han torturert, og blant anna utsett for simulert drukning. Til sist blei han idømt ti års fengsel, som han sonar saman med fleire mindreårige i eit fengsel for vaksne.

LES OGSÅ: Den arabiske hausten

«To know the human rights situation in a country, ask where the human rights activists/defenders are. In #bahrain they're behind bars. » Maryam al-Khawaja, fungerande leiar for BCHR på Twitter, 1. mai 2013.

Maryam al-Khawaja, fungerande leiar, Bahrain Centre for Human Rights (BCHR), jobbar frå leilegheita si i København. Foto: Jonatan Jacobson

Langvarig kamp
Bahrain Centre for Human Rights blei grunnlagt i 2002, og har arbeidd for demokrati og menneskerettar i ein region der ulike grader av einevelde og systematisk forskjellsbehandling har vore regelen snarare enn unntaket. I september 2004 blei BCHR beordra til å legge ned aktiviteten av Arbeids- og sosialdepartementet i Bahrain etter at organisasjonens dåverande leiar hadde kritisert statsministeren i landet under eit offentleg seminar. Trass i truslar og fråveret av offisiell anerkjenning har BCHR fortsett grasrotaktivitetane sine. Dei eksisterer i praksis takka vera støtta og anerkjenning frå dei lokalsamfunna dei tener og fleire internasjonale menneskerettsinstitusjonar.

Stadig strengare lover har avgrensa det tradisjonelt organiserte menneskerettsarbeidet, og mykje av dagens menneskerettsaktivisme blir flytta over i det digitale rommet. Det har likevel ikkje forhindra styresmaktene frå å arrestera, torturera og dømma personar som kjem med kritiske ytringar.

LES OGSÅ: – Eg var skikkeleg nervøs

Dobbelt utsette innvandrarar
Bahrain har meir enn 450.000 arbeidsinnvandrarar, hovudsakelig frå India, Bangladesh, Pakistan, Filippinene og Indonesia, og dette utgjør nesten 80 prosent av den samla arbeidsstyrken i landet. Dei fleste av desse jobbar i ufaglært arbeid i byggebransjen, detaljhandel og som hushjelp. Sjølv om Bahrain har hausta internasjonal anerkjenning for å forbetra den rettslege stillinga til arbeidsmigrantane det siste tiåret, så er situasjonen deira fortsatt svært vanskeleg. Ei lovendring i 2008 gjorde det ulovleg for arbeidsgivarar å konfiskera passet til arbeidsmigrantane då dei kom. Dette har likevel halde fram.

Bahrain, men praksisen har fortsatt med nesten uforminska styrke. BCHR har sett fokus på situasjonen på fleire måtar, blant anna gjennom opplysingsarbeid overfor arbeidsgivarar og arbeidstakarar.

Senteret har dessutan lagt særleg vekt på kvinnelege innvandrarane sin dobbelt utsette posisjon — som kvinner og innvandrarar — og publisert fleire rapporter om emnet. I motsetning til andre arbeidsinnvandrarar er hushjelpene ikkje omfatta av arbeidslovgjevinga i landet, noko som gjer dei spesielt utsett for menneskehandel. I ein rapport frå 2010 skriv BCHR at hushjelper står overfor ei rekke problem: lange arbeidsdagar, låge lønningar, manglande utbetaling av lønn, vanskelege bustadforhold og manglande tilgang på mat. Ei undersøking av ILO i 2005 viste at hushjelper i Bahrain jobbar i snitt 108 timar i veka og har éin fridag i månaden. I tillegg har Human Rights Watch dokumentert at mange hushjelper blir utsett for psykiske og fysiske overgrep, også voldtekter. Bahrain er ikkje åleine om eit slikt utbytande system, tvert imot viser ein ny Amnesty-rapport at dette er ein vanleg praksis i Golf-statane.

LES OGSÅ: Færre land avrettar fleire

Aukande brot på menneskerettane
Då det arabiske opprøret braut ut i februar 2011, førte det raskt til økte spenningar i Bahrain. Demonstrantar kravde — som i dei andre opprøra — avgangen til regimet. Dette kravet har ein annan klang i Golf-staten Bahrain enn for eksempel i Egypt. For det første har landet berre rundt 700.000 statsborgarar, der kring 2/3 er shia-muslimar. Den regjerande al-Khalifa-familien er sunni, og har sin militære støtte i nabolandet Saudi-Arabia. Den støttar seg også på ein ”splitt-og-hersk”-taktikk, og spelar på frykta hjå sunniane for eit shiastyre.

For det andre er Bahrain eit strategisk viktig land for USA og Europa, som ein viktig oljeprodusent og som hamn for flåten til USA i Den persiske golfen. Resultatet har vore at protestar i første omgang blei slått ned ved hjelp av saudiske militære styrkar, utan at det utløyste nemneverdig reaksjon frå vestlege styresmakter.

Protestane held fram i dag, og demonstrasjonar blir møtt med stadig hardare midlar. Tillyste demonstrasjonar 14. august 2013 blei møtt med arrestasjonar i forkant, avsperra bydelar og hardhendt militær makt. Ingen veit eksakt kor mange som har mista livet sidan 2011, men BCHR har dokumentert meir enn 80 døde, noko som er svært høgt i ein så liten befolkning. Helsepersonell som har hjelpt skadde etter samanstøyt med tryggleikspolitiet, har opplevd sjølv å bli arrestert og anklaga for å ”konspirera mot staten”. I juni 2012 blei for eksempel sjukepleiaren Ibrahim al-Dimistani dømt til tre års fengsel for å ha ”vore ulovleg tilstades på sykehuset” og for å ha drive propaganda mot regimet.

Maryam al-Khawaja kallar det som skjer i Bahrain ”det upraktiske opprøret”, og viser gjennom sin Twitter-konto og sine utallige presserapportar til at menneskerettane gjeld også i Golfen.

Faktaboks

Bahrain
– land i Persiabukta som består av 36 øyar med korallrev rundt. Landet produserer petroleum og noko aluminium.
– Bahrainarane er hovudsakleg arabiske muslimar, men landet har òg ein del gjestearbeidarar frå India og Pakistan.
– kongedømme styrt av Al-Khalifa-familien, med kongen som statsoverhovud mens statsministeren er regjeringssjef. Hamad bin Isa al-Khalifa er konge mens onkelen hans Khalifa bin Salman al-Khalifa er statsminister. Begge tek avgjersler i samråd med ministrane. Inntil 1999 var statsoverhovudet emiren, men Hamad bin Isa al-Khalifa endra tittelen til konge.
– det første parlamentsvalet blei halde i 2002, då også kvinner fekk stemmerett.
– sjølvstendig frå Storbritannia i 1971
– Brutto nasjonalprodukt per innbyggjar: 29.200 dollar – 53. plass i verda, ifølgje CIA Factbook.

Les meir om Raftoprisen her!