Skal diskutere framtida til Dei nynorske festspela

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Uviss framtid for festspela

Tidleg i vår sa både Ørsta og Volda at dei ville stryke den årlege støtta til Dei nynorske festspela i 2013. Dette var grunngitt med mangel på pengar.

LES OGSÅ: Kuttar støtta til Dei nynorske festspela

Gav likevel
For Dei nynorske festspela kom dette både overraskande og uventa. Dei kommunale tilskota er viktige fordi statlege løyvingar føreset regionale bidrag, og støtte frå fylkeskommunen føreset støtte frå begge vertskommunane.

Men så snudde Ørsta og Volda og gav pengar likevel, sjølv om dei ikkje hadde budsjettert med det. Volda henta 55.000 kroner frå det kommunale næringsfondet, og Ørsta henta tilsvarande sum frå reservepostane til formannskapet og kommunestyret. I utgangspunktet ønskte festspela 100.000 kroner frå kvar kommune. Kva som skal skje dei komande åra er ikkje avgjort.

LES OGSÅ: – Ville du funne deg dame på sukker.no?

Samarbeidsavtale
I mai var både vertskommunane og fylkeskommunen med på det årlege møtet i kontaktforum for vertskommunane. Her vart saka drøfta på eit breitt grunnlag.

Nynorsk kultursentrum tok der til orde for ein fleirårig samarbeidsavtale om Dei nynorske festspela. Alle stilte seg positive til dette. Denne avtalen er det jobba vidare med, og direktør i Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, varslar at han vil ta kontakt for å finne dato for eit første møte om ein slik samarbeidsavtale. Målet er at avtalen skal vere klar til politisk handsaming innan utgangen av mars neste år.

Men Grepstad ønskjer også at kommunane skal vere representert under rådsmøtet som vert halde 25. september, for også her skal saka om regelmessig tilskot til Dei nynorske festspela diskuterast.

Det var Ørsta og Volda som i si tid var med å sette i gang det som vart Dei nynorske festspela og Nynorsk kultursentrum. Rådet har tidlegare uttalt at det er nødvendig med stabil og føreseieleg bruk av verkemiddel for å halde liv i det som kommunane sjølve har vore med å sette i gong.

Saka var først publisert i Møre-Nytt.