Ikkje berre krig og terror

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Betre rusta til sivile oppdrag

HV11 er namnet på det nye distriktet og sist veke var "gutta på skauen" innkalla til stor øving leia av obersløyntnant Per Olav Vaagland, distrikssjef i HV11.

LES OGSÅ: Køyrde inn i Stortingsgarasjen med våpen

Sivile oppdrag
Det som før berre var ei militær eining, har ein freista å kopla opp mot sivile oppdrag der det let seg gjera. Avdelingane har også blitt meir spissa, og har fått nye oppgåver.

– Etter den nye modellen så kan heimevernsavdelingane no lettare bidra inn mot sivile aksjonar. Sidan Heimevernet er ein organisasjon med spissa kompetanse på ulike område, så kan det heilt klart vera ein ressurs inn mot til dømes leiteaksjon, skogbrann, flaum, manuelt arbeid og vakthald/sikring. Dette er noko me heilt klart såg nytteverdien av etter stormen Dagmar, forklarer Vaagland.

– Korleis bidreg Heimevernet i sivile oppdrag?

– Beredskapen til Heime­vernet handlar ikkje berre om terror og krig, men også moment som berging og leiteaksjonar. Avdelingane er i utgangspunktet ikkje dimensjonerte for relativ rask utrykking i fredstid innan desse områda. Men når me blir spurde så kan me bidra inn med element og resursar under ein eventuell krisesituasjon. Det kan vera seg mannskapstunge situasjonar og logistikk, der er me gode. Me har ein innsatsstyrke som har 24 timars reaksjonstid, elles så har området ei reaksjonstid på 7 døgn. Når det gjeld reaksjonstid så kan det gå relativt fort uansett. Til dømes leiteaksjonen på fjellet Aksla i Ålesund no nyleg. Der var dei første på plass allereie etter 4 timar, noko som må seiast å vera særs bra, forklarar Vaagland.

Les heile saka i Sogn Avis si pdf-utgåve.