George Harrison nytta til tortur

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Høglytt musikk spelt medan fangar vart torturert var ein del av den psykologiske terroren meiningsmotsandarane til Pinochet vart utsett for, ifølgje The Telegraph.

Lyden av minna
I år er det 40 år sidan det blodige militærkuppet i Chile, der den folkevalde presidenten Salvador Allende vart drepen under militærkuppet der August Pinochet tok makta. Berre i løpet av dei første åra mista over 70.000 chilenarar livet, mange “forsvann” og over ein million måtte flykte, i kuppet der USA hadde ei rolle i kulissane.

Dr Katia Chornik, forskar ved University of Manchester har intervjua tidlegare fangar om musikk under torturen dei vart utsett for torturhus, konsentrasjonsleirar og fengsel, men òg om korleis fangane sjølv nytta musikk til for å halde oppe motet, til forskingsprosjektet «The Sounds Of Memory: Music And Political Captivity In Pinochet's Chile».

– Med høgt volum vart elles populære songar spelt i dagevis for å påføre psykologisk og fysisk smerte, fortel Chornik.

LES OGSÅ: Verdifulle dråpar

Allende sin song
Tidlegare Beatles medlem George Harrison sin «My Sweet Lord» og lydsporet til Stanley Kubrick sin «A Clockwork Orange», samt songar av den spanske førsteelskaren Julio Iglesias, var mellom songane som vart spelt på høgt volum dagar i strekk. Til og med «Venceremos», Salvador Allende sin valkampsong frå 1970 vart nytta.

Ein tidlegare fange fortalde at fangevoktarane song den italienske hiten «Gigi l'Amoroso» medan dei førte ho til avhøyrsrommet og fortsette å synge medan ho vart torturert og teken opp på lydband. Eit anna torturoffer meinte at musikken normaliserte dei grufulle handlingane.

LES OGSÅ: Kneblar studentar med vald

Musikk til hjelp
Men sjølv om musikk vart nytta i torturhandlingar var det ei hjelp for andre fangar, nokre av dei song i hemmelegheit, nokre høyrde på mellom anna «Morning Has Broken» av Cat Stevens på radio, for å samle mot. I dei mildare leirane fekk fangane spele instrument og opptre.

I ein av dei største leirane for politiske fangar, Tres Alamos i Santiago, fekk fangane danne eit kor, fordi leiinga venta ein inspeksjon frå ein amerikansk menneskerettsorganisasjon.

– Musikk førte fangane saman, fordi det var ein måte å handsamast med den forferdelege lidinga, fortel Chornik, og legg til at musikken òg fungerte som vitnesbyrd for alle fangane som ikkje lenger eksisterte offisielt.