Namnet blir Nordryggen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Folket har stemt fram Nordryggen

Den 1.300 kilometer lange fjellkjeda strekkjer seg fra Agder og Rogaland i sør til Finnmark i nord, og kjende fjellområde som Hardangervidda, Jotunheimen, Rondane, Trollheimen, Saltfjellet, Okstindane og Lofoten er alle ein del av den. Og i alle år har den vore namnlaus. Heilt til nå. Norsk Geologisk Forening, UT.no og Den Norske Turistforening har arrangert ein stor namnekonkurranse med påfølgjande avrøysting. Meir enn 5.000 framlegg blei sende inn. Til slutt var eit fleirtal av folket samde om at Nordryggen var det beste.

Klare kriteriar
Ein jury reduserte dei fem tusen framlegga til sju finalistar. Kriteriane for utvelginga var at det skal vera god norsk og internasjonal klang på namnet, det skal referera til norsk og svensk kultur og namnet skal vera avgrensa til norsk og svensk areal.

«Ideelt på alle vis»
Henrik Svensen er geolog og var initiativtakar til namnekonkurransen. Han er godt nøgd med valet:

– Nordryggen var favoritten min i avrøystinga, så dette var eit godt val og ein verdig vinnar, seier han.

Språkforskar Tor Erik Jenstad ved NTNU i Trondheim er samd: – Dette er eit godt namneval som eg er veldig nøgd med. Namnet fell godt inn i norsk navnetradisjon. Tydnaden av navnet er veldig dekkande. Både «nord» som enkelt og greitt speglar på ein retning, «rygg» som er en karakteristikk som vert brukt om langstrakte geologiske formasjoner. Navnet fungerer godt i engelsk oversetjing og er enkelt og greitt å skriva på norsk. Ideelt på alle vis, seier Jenstad.

Saka var først publisert i Sogn Avis.