Hadde ingen forfattardraum

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ingen forfattardraum

 – Ad omvegar. Eg trudde eg ville vera språkforskar, men så var det forfattar eg ville og enda opp som, svarar forfattar Helene Uri til Framtida.no, på spørsmålet om korleis ho har kome dit ho er i dag. Ho gjekk frå å vera førsteamanuensis i lingvistikk ved Universitetet i Oslo til å skrive på heiltid. No er ho aktuell med sin sjuande vaksenroman, Rydde ut.

– Å kunne leve av å skrive, handlar både om å kunne snakke om teksten etterpå, i tillegg til det å bruke mykje av livet, heilt åleine, til å jobbe med den.

Kva drøymte du om som 18-åring?
– Då hadde eg kome over draumen om å verte veterinær, og drøymte nok om å jobbe med språk og litteratur. Sjølv om det ikkje var nokon draum, så såg eg nok for meg eit liv som lærar. I motsetnad til mange andre, drøymte eg aldri om å verte forfattar.

Kva bok har påverka deg mest?
– Sofies verden, ikkje fordi det er den beste eg har lese. Men den fekk meg til å tenkje at eg kunne klare å skrive noko tilsvarande, og slik skreiv eg ungdomsromanen Anna på fredag.  Det handla om å finne formidlingsgleda ved språket.

Kven er dine største forbilde? Og kvifor?
– Då eg var yngre var det Madame Curie. Eg las to biografiar om henne, og det var ikkje det at eg ville verte kjemikar eller fysikar sjølv, men det at ho var så utruleg standhaftig. Det handla om kjærleiken ho hadde til faget, om alt ho ofra for å nå så langt.

Som forfattar har ho også litterære førebilete.
– Cora Sandel er ein forfattar eg set høgt, sjølv om eg ikkje prøver å skrive som henne.

Kva meining har ordet feminisme for deg?
– Det har gått frå å vera uinteressant og fjernt, til å vera eit honnørord som betyr mykje for meg. Som vaksen har eg sett dei små forskjellane mellom kvinner og menn i Noreg, men kanskje endå meir ulempene med å verte fødd kvinne i andre delar av verda. Det står for solidaritet og samhald mellom kvinner.

Er du ein feminist?
– No vil eg nok seie at eg er det, medan eg ville svara nei tidligare. Men det er ikkje noko eg går rundt og kallar meg.

Har du nokre gong møtt utfordringar som kvinne i din bransje?
– Absolutt. Det er eg heilt sikker på, sjølv om eg ikkje kan peike på konkrete ting og det er ikkje slik at eg har lidd. Eg trur mest alle bevisste kvinne har opplevd det – at her ville noko vore annleis om eg var mann.

Er det noko du skulle ynskje du kunne?
– Spele piano!

Kva gjer deg lukkeleg i kvardagen?
– Eg er ganske flink til å vera lukkeleg.  Med ein kopp grøn te og ei god bok. Når eg sit framfor skjermen med min eigen tekst, og kjenner at eg får til noko i eit avsnitt. Når eg møter lesarar som kan fortelje meg nye ting  om min tekst. Og sjølvsagt er eg lukkeleg når eg ser borna mine, eller klappar katten.

Kva er dine beste tips til ungdom som vil lukkast i din bransje?
– Lese lese lese! Så må ein skrive mykje, men det er jo sjølvsagt. Å verte forfattar handlar om å øve.

Vil ein lukkast i den tidligare bransjen hennar, akademia, handlar det om kjærleik.
– Ein må elske faget, vera lidenskapeleg oppteken av det.

Faktaboks

 Helene Uri

  • Forfattar av både vaksenromanar, barne- og ungdomsbøker, og fagbøker om språk.
  • Debuterte med ungdomsromanen Anna på fredag i 1995, og har sidan gjeve ut 12 bøker.
  • Aktuell med romanen Rydde ut.
  • Har ein doktorgrad i språkvitskap, og har tidligare jobba som språkforskar ved Universitetet i Oslo.