16-åringar kan køyra denne bilen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

16-åringar kan køyra denne

Nye reglar for førarkort gav Audun Kalveland i Skjold ein forretningsidé. I Kina fann han det han søkte.

— Eg har starta import av køyretøy på tre hjul frå Kina. Desse kan ungdom heilt ned til 16 år køyra fullt lovleg etter dei nye EU-reglane for førarkort som vart innførte i januar, seier mannen bak det nystifta selskapet 3hjul AS.

Audun Kalveland seier at spesielt éi endring er ein godt bevart løyndom.

— For lett motorsykkel er det kome eit tillegg som seier at reglane òg gjeld motorsykkel med tre hjul på vilkår av at køyretøyet ikkje overstig 15 hestekrefter.

Ifølgje skjoldabuen er 16 år den nye aldersgrensa for mopedbilar.

— Vegdirektoratet køyrde opp aldersgrensa for mopedbil frå 16 til 18 år for snart 15 år sidan. Grunnen var at dei ville ha den vekk frå vegane, og det klarte dei nesten òg. Direktoratet seier framleis at du må vera 18 år for å køyra mopedbil, men det er feil. Aldersgrensa er 18 år dersom du berre har mopedførarbevis, men dersom du har førarbevis for lett motorsykkel er grensa 16 år. Dette står klinkande klart i loven, men Direktoratet vil ikkje vedgå det, påstår Kalveland.

Ungdom

Trehjulingane, av merket Chin, er frå Kina og nyleg var Kalveland og besøkte fabrikken.

— Eg er imponert over kinesarane. Tidlegare var kinaproduserte varer sett på som lågkvalitet, men der har det skjedd ei veldig utvikling.

Mopedbilane har tradisjonelt vore eldre folk sitt domene, men Kalveland har 16-17-åringar som målgruppe.

— Mopedbilane me er van med har berre to sete og to dører. I desse er det fire dører og plass til fleire enn to personar. Ungdom kan til dømes køyra rundt med vener i baksetet.

Elbilane har ein maksfart på 75 km/t på flatmark, men i oppoverbakke kryp speedometeret ned i 40.

— I og med at den er elektrisk så er det ikkje ein bil for langtur, men ein køyrer fint til ulike mål her i distriktet. Og bilen kan ladast opp ved å plugga inn i ein vanleg stikkontakt.

Biltilsynet

Og korleis fekk Kalveland idéen om å importera trehjulingar?

— Eg set meg inn i lovar og reglar som gjeld køyretøy. Brått oppdaga eg ei opning i lovverket som ingen hadde sett, seier Kalveland og viser til ein annan idé han har hatt.

— Ein del huskar kanskje at eg nokre år attende tok domenenamnet biltilsynet.no og at myndigheitene ville ha namnet attende, smiler han lurt.

Kalveland tapte saka i både tingretten og lagmannsretten.

— Eg tok det ikkje seriøst nok og stilte utan advokat i tingretten. I lagmannsretten vann eg delvis fram, men Høgsterett ville ikkje ta saka. Det ergrar meg litt, fortel han og legg til at han framleis har eit firma registrert på namnet Biltilsynet i Brønnøysundregisteret.

— Eg har ikkje tenkt å ta det bort, ler han.

Avgifter

Bilane på tre hjul går på straum og ein slepp derfor unna avgifter.

— Det er så godt som ingen avgifter, skatt eller moms. Einaste er vel ei lita registreringsavgift dersom du sel bilen.

Kalveland har ordna utsalsstad hjå Haakull & Ersland i Isvik. Prisen på elbilen vil vera om lag 75.000 kroner. Prisen på dei bensindrivne trehjulingane ligg på rundt 62.000 kroner. Dei er òg hefta med ein del avgifter.

— Køyretøya på bensin har same avgifter som ein vanleg motorsykkel. Totalt kjem det opp i ein 15-20.000 kroner på grunn av motorstorleiken.

Kalveland har stor tru på forretningsidéen og er ikkje uroleg for at lovverket skal verta endra att med det første.

— Kva Vegdirektoratet vil eller ikkje vil er så saka si, men her er det Brüssel som bestemmer og det er eit tungrodd system. Ei lovendring er derfor ikkje gjort på ein dag.

Les saka i Grannar!