Høgare valdeltaking enn i 2009
Valdeltakinga under årets stortingsval ligg an til å bli høgare enn i 2009. Tysdag morgon viser oppteljinga ei førebels valdeltaking på 77,5 prosent.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Høgare valdeltaking
2.824.258 personar har røysta og 3.641.753 personar hadde røysterett.
Ved stortingsvalet i 2009 enda deltakinga på 76,4 prosent.
LES OGSÅ: Fleire stemmer elektronisk
1,2 prosent auke
Berekningar valforskar Bernt Aardal har gjort for NRK viser at valdeltakinga blir på minst 77,6 prosent. Dette er ein auke på 1,2 prosentpoeng frå førre stortingsval. Finteljinga er enno ikkje ferdig tysdag morgon.
LES OGSÅ: Kjempar for å få fleire unge veljarar
Betre valdeltaking før
Valdeltakinga ved stortingsvala etter krigen har stort sett lege rundt 80 prosent med ein topp i 1965 då 85,4 prosent av veljarane avga stemme. Deltakinga fall til vel 75 prosent i 1993 og har lege litt over eller på dette nivået sidan.