Borgarlege bruker mest på valkamp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Borgarleg valkamp dyrast

Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre har til saman brukt 49 millionar kroner denne valkampen. Dei raudgrøne partia Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet har til samanlikning brukt 33 millionar kroner, skriv Dagens Næringsliv.

LES OGSÅ: #Valkamp på sosiale medium

AP driv dyrast valkamp
Tala er henta inn frå partia. Arbeidarpartiet er det partiet som brukar mest av alle her i landet – 25 millionar kroner i valkampen i år. Det er 5 millionar kroner meir enn valkampbudsjettet var i 2009. Høgre har til samanlikning gått motsett veg. Høgre brukar i år 23 millionar kroner, ein nedgang på 6 millionar kroner frå 2009-valkampen.

LES OGSÅ: – Valkampen er årets høgdepunkt

MDG har meir å rutte med
Framstegspartiet ligg konstant på 18 millionar kroner. Deretter følgjer Venstre, som i år brukar 6,5 millionar kroner. Det er 200.000 kronar lågare enn i 2009. Sosialistisk Venstreparti følgjer like bak. SV brukar i år 5,9 millionar kroner på valkampen, ein oppgang frå 4,2 millionar kroner i 2009.

Miljøpartiet Dei Grøne ligg på sjetteplass på lista over kven som brukar mest i valkampen dette året. MDG har i år 2,2 millionar kroner til rådvelde. Det er 2,1 millionar kroner meir enn i 2009-valkampen.

LES OGSÅ: Navarsete: – Rustar oss til valkamp

Aukande budsjett for Raudt
Bak MDG følgjer Senterpartiet, som brukar 2 millionar kroner i år. Det er 2 millionar kroner mindre enn valkampbudsjettet til Sp var i 2009. Kristeleg Folkeparti følgjer etter med eit budsjett på 1,2 millioner kroner i år, ned 500.000 kroner frå 2009-valkampen. Raudt har i same perioden auka valkampbudsjettet sitt frå 700.000 kroner til 1,1 million kroner.