Viser fram Noreg i ny Disney-film

Norske attraksjonar med i ein ny animert familiefilm frå Disney.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det amerikanske storselskapet Disney har latt seg inspirere av Noreg i den nye storfilmen i haust, «Frozen». Filmen har premiere i november, og handlinga er sterkt inspirert av Noreg. Her er både Nidarosdomen, fjordar, stavkyrkjer, vikingskip, Bryggen i Bergen, troll og ein handelsmann som sel lutefisk med, fortel NRK.

Lokke turistar
Innovasjon Noreg har no starta eit samarbeid med Disney for å få kinogjengarar rundt om i verda til å reise til Noreg.

– Vi ønskjer å bruke filmen som eit godt utgangspunkt for å skape eit større medvit rundt Noreg som reisemål. Samtidig vil vi leggje til rette for aktivitetar som kan gi ein langsiktig gevinst for Noreg som turistmål, opplyser reiselivsdirektør Per-Arne Tuftin i ei pressemelding.

Mange referansar
Handlinga i filmen er sterkt inspirert av Noreg, og filmskaparane har brukt mykje tid i landet for å hente inspirasjon. Derfor er det også mange referansar til Noreg i filmen.

I «Frozen» er følgjer vi jakta på den legendariske Snødronninga. Den unge jenta Anna reiser saman med fjellklatraren Kristoff, snømannen Olaf og reinsdyret Sven for å finne Snødronningen, som også er hennar framandgjorde søster. Dei ønskjer å fjerne forbanninga Snødronningen la på Anna, som gjer at hjertet hennar er iskaldt og frose. (©NPK)