Merksemd for norske filmar i utlandet

Norske filmar får merksemd på den internasjonale festivalmarknaden.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Merksemd for norsk film

Onsdag blei det offentleggjort at Erik Skjoldbjærgs «Pionér» og Eirik Svenssons «En som deg» er tatt ut til BFI London Film Festival.

Denne veka blei det også klart at «Tusen ganger God natt» fekk juryen Special Grand Prix-prisen i Montreal.

LES OGSÅ: Kulturhusa som kveler kulturlivet

«Gåten Ragnarok» og «Detektiv Downs» er tatt ut til Fantastic Fest i USA, mens «Kon-Tiki» og den norsk/islandske «Dypet» er nominert til People's Choice av European Film Academy.

Vidare noterer vi oss at den tysk-norske samproduksjonen «To liv» er Tysklands Oscar-kandidat.

– Det er svært gledeleg å sjå at norske filmar blir tatt så godt imot ute i verda og at festivalane set pris på norsk filmkunst. Filmfestivalane er vårt viktigaste utstillingsvindauge og formidlingsarena, og anerkjende internasjonale filmfestivalar som London, Montreal, Toronto og Fantastic Fest er spesielt viktige fordi dei samlar distributørar, produsentar og presse frå heile verda, seier avdelingsdirektør Stine Helgeland i lanseringsavdelinga i Norsk filminstitutt. 

LES OGSÅ: Høyr kva reven eigentleg seier