Spelemann tilbake på taket

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til våren skal Det Norske Teatret sette opp «Spelemann på taket». Musikalen er ein av dei største publikumssuksessane ved teatret og blei sett opp både i 1968 og 1987.

– I mine auge er «Spelemann på taket» den flottaste musikalen i verda, seier teatersjef ved Det Norske Teatret Erik Ulfsby, som også skal ha regien til våren.

Den første oppsettinga av musikalen hadde 284 framsyningar ved teatret. På turné landet rundt året etter blei han vist 51 gonger til. Begeistringa for musikalen har ikkje berre gagna teatret, men også nynorsken, meiner teatersjefen.

– Populære framsyningar som denne har vore med på å skape aksept for nynorsk i det breie lag av folket. På norsk heiter det i dag «Om eg var ein rik mann». Det er ingen som ville finne på å syngje «Viss jeg var en rik mann», seier Ulfsby.

Viktig forteljing
«Spelemann på taket» handlar om eit lite jødisk samfunn på den russiske landsbygda på byrjinga av 1900-talet. Musikalen er laga ut ifrå dei vemodige og muntre forteljingane om den fattige mjølkemannen Tevye, skrivne av den russisk-amerikanske forfattaren Scholom Aleichem.

Framsyninga «Fiddler on the roof» hadde urpremiere på Broadway 22. september 1964, etter å ha blitt dramatisert av Joseph Stein og fått songtekstar av Sheldon Harnick og musikk av Jerry Block.

– Det er ei viktig historie også i dag, fordi ho handlar om eit lite folk som det plutseleg ikkje lenger er plass til, seier Erik Ulfsby.

På Det Norske Teatret i Oslo vil framsyninga neste år ha premiere 21. mars.

Eigen versjon
Hovudrolla som bonden Tevye er det skodespelar Pål Christian Eggen som skal innta. Med det skal han gå i fotspora til Lasse Kolstad, som spelte Tevye i begge dei to tidlegare oppsettingane av «Spelemann på taket» ved teatret.

– Eg gler meg som ein unge, men det er også ei skremmande oppgåve. Eg ser slik opp til bastionar som Lasse Kolstad. Folk kjem nok uansett til å samanlikne, men eg skal prøve å lage min eigen versjon, seier Eggen.

Han har allereie starta skjeggsparinga og ser fram til å syngje «Om eg var ein rik mann» frå scena. Samtidig vedgår han at han kjem til å vere litt sveitt i handflatene.

– Det blir vanskeleg å sette seg inn i tida, levesettet og kulturen som historia er skriven i. Eg må prøve å få det under huda og formidle historia på ekte vis, seier Eggen.

Bestemor som inspirasjon
På scena får Pål Christian Eggen med seg Herborg Kråkevik. Ho skal spele Golde, kona til Tevye.

– Eg gler meg til å gå i gang med dette. Det er ei annleis rolle enn kva eg har gjort før, fortel Kråkevik.

– Medan Tevye ikkje klarer å seie nei til dei fem døtrene våre, blir eg den harde. Golde er oppteken av å sikre seg at døtrene blir forsørgt og ikkje skal svelte. Det er kanskje noko få norske familiar kan forstå i dag.

Ho har likevel allereie planen klar for kva ho må gjere for å leve seg inn i rolla som bondekone i eit patriarkalsk samfunn.

– Eg må finne fram dei gamle gardakjæringane eg kjenner frå barndomen. Dei arbeidde steinhardt og hadde aldri fri, eigentleg litt sånn som bestemor mi var. (©NPK)

Les siste teaternytt her!