I prisens historie har ingen norske filmar vunne. I år er Dag Johan Haugerud sin «Som du ser meg» nominert.

mm
Faktaboks

Vinnarar Nordisk Råds Filmpris:

  • 2012: «Play» Ruben Östlund, Sverige
  • 2011: «Svinlängorna» Pernilla August, Sverige
  • 2010: «Submarino»Thomas Vinterberg, Danmark
  • 2009: «Antichrist» Lars von Trier, Danmark
  • 2008: «Du levende» Roy Andersson, Sverige
  • 2007: «Kunsten å gråte i kor» Peter Schønau Fog, Danmark
  • 2006: «Zozo» Josef Fares, Sverige
  • 2005: «Drapet» Per Fly, Danmark
  • 2002: «Mannen uten fortid» Aki Kaurismäki, Finland
LES FAKTALUKK FAKTA

Med «Som du ser meg» skal manusforfattar og regissør Dag Johan Haugerund og produsent Yngve Sæther forsvare norsk film si ære i konkurransen om Nordisk råds filmpris.

LES OGSÅ: Bjørn Sortland debuterer med teater og film

Danske og svenske vinnarar
30. oktober vert det klart kven som vinn prisen, som er på 350 000 danske kroner.

Sidan prisen vart oppretta i 2002 har Sverige og Danmark teke heim fire prisar kvar. Finland vann den første prisen i 2002, men etter det har verken dei, Noreg eller Island henta heim Nordens gjevaste filmpris.

Dei andre nominerte i år er danske «Jakten» av Thomas Vinterberg, finske «Open up to me» av Simo Halinen, islandske «Dypet» av Baltasar Kormákur og svenske «Spise sove dø» av Gabriela Pichler.

LES OGSÅ: Føreslår nye aldersgrenser for film

Låge publikumstal
Den norske juryen hadde følgande å seie om det norske bidraget:

«Filmen er ein nydeleg mosaikk av ulike livserfaringar, fint tolka av skodespelarensemblet og filtrert gjennom Haugeruds unike observasjonsevne. Resultatet er både vittig og ømt, sårt og lågmælt konfronterande».

Trass i gode kritikkar og ei rekkje prisar, har ikkje publikumstala vore dei heilt store for Dag Johan Haugerud sin film. Rundt 30.000 publikummarar fekk med seg filmen på kino.

LES OGSÅ: «Ni liv» til Italia

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.46

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE