Giske på timeplanen
– Dersom de lovar at eg vinn valet, så skal det nok bli råd med audiens i Oslo, lova nærings-og handelsmininster Trond Giske elevane på Voss gymnas.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Måndag ettermiddag var han på vitjing på Voss gymnas, der elevrådet og elevane i faget politikk og menneskerettar, fekk sjansen til å stilla Giske til veggs.
Og elevane hadde mange spørsmål til næringsministeren. Vilde Bergstad Larsen, som er aktiv i Plan Noreg si ungdomsgruppe URO, meinte det er viktig å setja ting i perspektiv.
– Me går jo på ein av verdas beste skular, og det er viktig å tenkja på alle dei jentene i utviklingsland som ikkje får den sjansen, seier Bergstad Larsen.
– Me i URO utfordrar partileiarar til å skriva under på Jentekampanjen me har, der me vil jobba for at jenter sin posisjon og framtida deira i utviklingsland blir betre. Og eg lurar derfor på kvifor ikkje Jens Stoltenberg har skrive under, når både Høgre og Frp har, spurde Bergstad Larsen.
– Det er ikkje enkelt å setja grenser for kva ein skal skriva under på av slike kampanjer og ikkje. Derfor har Stoltenberg som prinsipp ikkje å skriva under på slikt. Når eg høyrer at Frp har skrive under, så blir eg litt provosert, dei er jo imot all bistand. Det eg kan lova, er at med Arbeidarpartiet i regjering, skal me framleis bruka ein prosent av BNI til bistand, kunne Giske lova.
LES OGSÅ: Ber Giske om å setja ned stigen
Engasjerte elevar
Heile dagen har Giske farta rundt på skular i Bergen, Dale og på Voss for å snakka om regjeringa sin politikk og Arbeidarpartiet sine nye skuleløfte.
– Dei var skikkeleg flinke elevar og eg merkar at når eg reiser rundt på skulane, så får eg masse bra spørsmål. Elevane har ein større horistont enn me vaksne som slit med kvardagslege ting og tidsklemma, sa Giske etterpå.
– Det er viktig å bruka tid på elevane, dette er jo ofte deira fyrste møte med demokratiet, og det er viktig sjølv om nokre av dei er for unge til å stemma, seier Giske.
Spørsmål om kva regjeringa vil gjera med lærarmangel, ressursmangel og utdanning, fekk Giske bryna seg på.
– Mitt svar på kva me skal gjera med dette er å løyva meir pengar, sa Giske.
No ventar siste innspurten på valkampen, ein kamp som ikkje er tapt, meiner Giske.
– Løpet er aldri køyrt, og no skal me gjera ein kjempeinnspurt i valkampen den siste veka, sa Giske før han hasta vidare.
LES OGSÅ: Ap vil kvotere inn kvinner som sjefar