Meir enn halvert for laks

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Laksefisket i Etneelva er meir enn halvert samanlikna med i fjor. Det får neppe konsekvensar for fisket neste år.

Fiskeforvaltar Gry Walle hos fylkesmannen i Hordaland trur ikkje låge fangsttal får konsekvensar for fisket neste år. Det forklarar ho med at gytebestand og innslaget av oppdrettsfisk er meir avgjerande for om det er forsvarleg med fiske i lakseelvane.

Rapportar landet rundt tyder på at laksefisket er halvert mange stader samanlikna med i fjor, viser ein oversikt i Dagens Næringsliv. Sein oppgang av fisk er ein av forklaringane.

God sesong i fjor

Laksebørsen i Etne fangar opp 80-90 prosent av den reelle fangsten, resten blir rapportert på andre måtar. Sjølv om fangsten er litt større enn børsen viser, blir samanlikninga med børsen frå tidlegare år representativt for utviklinga. Dei endelege tala blir klar seinare i år.

Ved fiskeslutt 15. august var det tatt 330 laksar i elva, mot 790 i 2012. Årets fangst er på 1.357 kilo mot 3.638 i fjor.

— Ein må hugse på at det var ein god sesong i fjor. Tala for Etne er ikkje endelege, og vi har ikkje tal frå andre delar av landet. Difor er det litt tidleg å dra slutningar, seier Walle hos fylkesmannen.

Ho viser til at oppgangen i elvane svingar frå år til år, og at det er 2009-årgangen som har dominert i  elvane i det siste. Det var eit år med lite villaks og mykje oppdrettslaks i Etneelva.

Nok gytefisk

— Evalueringa midt i sesongen viste at det var nok gytefisk til å halde fram fisket, og det vart bestemt lokalt. Gytebestanden er stor nok til å forsvare fiske neste år, så eg ser i dag ikkje behovet for endringar sjølv om det er tatt færre fisk, seier Walle.

Det var grunneigarane i Etne som tok initiativet til å stenge elva i 2010 på grunn av færre gytefisk og svært mange oppdrettslaksar.

Gytebestanden er stor nok til å forsvare fiske neste år

— Det har ikkje vore mange oppdrettslaksar i laksefella og fordelen no er at vi kan ta ut oppdrettslaksen frå sone tre der fella er plassert, seier fiskeforvaltaren.

På tysdag var det tatt til saman 24 oppdrettslaks i fella så langt i år, men Walle opplyser at oppgangen for oppdrettlaks er sein, og det er venta meir fisk. Laksefella skal driftast ut september.

To svake

Då laksefella vart sett i drift i juni, sa prosjektleiar Ingrid Lundamo at dei håpa på meir enn 2.000 villaks gjennom fella totalt. På tysdag hadde dei slepp vidare 953 villaks og 805 sjøaure.

Oversikt over laksebørsane frå tidlegare år viser også at sjølv om 2009 var eit dårleg fiskeår, er både 2007, 2008 og 2012 langt betre enn årets fangst. Elva var som kjent stengt for fiske i 2010 og 2011.

— Sjølv om bestanden varierer, så er den ikkje det den var, det er heilt klart, seier Walle.

På laksebørsen er det berre 38 laks over sju kilo, mot 132 året før.

Labert i Vikedal

I Vikedalselva er det tatt 155 laksar i år, mot 156 i fjor. Det utgjorde snaue 544 kilo med villaks. Dei tre siste sesongane, medrekna 2009, før fisket vart steng, har vore heller labre samanlikna med tidlegare år. 2006 var siste året det svinga med store fangstar i elva.

Leiar i grunneigarlaget, Berge Kjell Opsal, meiner det er ein rimeleg bra sesong tatt i betraktning den nedbørsfattige sommaren.

— Sjølv om vi har fiska i to veker lenger enn i fjor, blir det om lag som fjoråret når ein ser alt i samanheng, påpeikar han.

Gjennom teljeapparatet i fossen er det passert vel tusen fiskar, og det er ikkje all fisken som går opp der.

— Det er mykje fisk både i fjorden og elva. Som eg har påpeika overfor Fylkesmannen tidlegare, så er Vikedalselva ei elv som seg fredar seg sjølv, seier han.

Grunneigaren håper det ikkje kjem overraskingar frå Fylkesmannen om å regulere elva strengare sidan Opsal meiner det ikkje er behov for det.

— Vi håpar at det ikkje blir eit strengare regime sidan det er godt med fisk i elva. Det vil også teljinga av gytebestanden vise, seier han.

På plussida er lite oppdrettslaks i elva, og lite lus på villaksen.

— I fjor såg ikkje dykkaren ein einaste oppdrettslaks, og det er berre tatt villaks i år av det eg kjenner til, seier Berge Kjell Opsal, leiar i elveeigarlaget.

Les saka i Grannar.no!