Kulturhusa som kveler kulturlivet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kulturhusa som kveler kulturen

Osøren Blues & Jazzfestival vil leggje ned på grunn av Oseana kulturhus. Det kostar skjorta å leige seg inn der. Det seier Karin Daviknes til Dag og Tid. Ho har sete i styret i laget.

Planen om nedleggjing av kulturaktivitetar gjeld ikkje berre blues og jazzen i Os. Os internasjonale filmfestival har alt måtta bite i graset.

– Det nye kulturhuset er flott, men dramatisk overdimensjonert. Leigeprisen vart for høg, og filmfestivalen vår er no lagd daud, seier styreleiar Nils-Anders Nøttseter.

Nøttseter og Daviksnes peikar på den store ironien i Kultur-Noreg i dag: Dei seinaste tiåra har det eine etter det andre kostelege kulturhuset vorte reist. Kraftsentrum for kultur og stadutvikling er dei kalla, men mange har i røynda fått omvend verknad: Dei hindrar kulturlivet og forverrar den økonomiske situasjonen til norske kommunar drastisk.

Økonomiske ekspertar ottast framtida deira:

– Det er ei overetablering av kulturhus i landet. Mange av dei kan få same lagnad som symjehallar i norske bygder, som på grunn av skort på driftsmidlar har vorte ståande tørre og tomme.

Det spår Torger Reve, professor ved Institutt for strategi og logistikk ved BI i Oslo.

Oseana versus Fjellheim
Kva var det som eigenleg gjekk gale? Os kan stå som eit døme på problema kulturhus-boomen i Noreg har skapt for det lokale kulturlivet i norske bygder og tettstader. Det gamle, tradisjonsrike kulturhuset på Os frå 1911, som vart oppgradert for tjue år sidan, Fjellheim, tilbaud det lokale kulturlivet eit funksjonelt, om ikkje prangande lokale.

Det nye kulturhuset, Oseana, vart opna hundre år etter Fjellheim, i 2011 og har eit amfi med 490 sitjeplassar og er delvis bygt med midlar frå det lokale næringslivet. Men røyndomen har henta inn Os. Midlar til drift av Oseana må koma frå kommunebudsjettet.

I det gamle kulturhuset, Fjellheim, gjekk ting fint i rutine, fortel Nøttseter og Daviksnes: Friviljuge lag fekk samla inn pengar ved billettsal og kioskverksemd; om Fjellheim ikkje stetta alle krav til ljos og andre scenetekniske effektar, gjekk drifta rundt. I det nye kulturhuset har kiosken monopol på sal av varer, og leigeprisane er for høge for lokale lag og foreiningar.

– Hadde Os bygt eit kulturhus som berre var dobbelt så stort som Fjellheim, og ikkje fire- og femdobbelt, hadde det lokale kulturlivet hatt gagn av det, seier Nils-Anders Nøttseter.

I dag slåst lokale lag for lagnaden til Fjellheim. Kommunen er i stor gjeld og har vedteke å selja Fredheim for å finansiere Oseana, men striden kring det gamle kulturhuset har skræmt bort den potensielle kjøparen. Lokale eldsjeler vonar å få leige bygget gratis frå kommunen og bruke det til arrangement som ikkje får plass i Oseana. Alternativet er å bruke Os ungdomsskule som lokale.

Os har altså fått eit kulturhus for 200 millionar, men det lokale kulturlivet må ty til skular og gymsalar.

Vil ha samfunnshus attåt
Lokallivet i andre norske kommunar sit i same knipa som Os. I Gjøvik har Gjøvik kommune og Riksteatret sagt opp ein samarbeidsavtale med Vestre Toten som sikrar framsyningar av teaterstykke av Riksteatret i Vestre Toten. Grunnen ligg i det nye kulturhuset i Gjøvik. Kommunen gjev opp det gamle kulturhuset på Raufoss for heller å satse på Gjøvik kino- og kulturhus, bygt saman med Quality hotell og opna i 2011.

I Grong vart planane for eit regionalt kulturbygg lagde fram i sumar. Der er det alt vedteke at ungdomsklubben ikkje vil få plass. Han skal bli verande i Gronghallen.

Eit siste døme er Asker kulturhus. I haustprogrammet finn ein store namn som Odd Nord-stoga, Vamp og fleire, men skulekorpset i bygda har ikkje råd til å leige seg inn. Om Asker kulturhus opererer med to leigeprisar, 1675 kroner per time for kommersielle aktørar, mot 1270 kroner for friviljuge lag og foreiningar, er leiga likevel for dyr for skulekorpset, kjem det fram i lokalavisa.

Problemet har ført norske småbyar i ein bisarr situasjon. I kommunane Jessheim og Ullensaker har det dukka opp planar om å byggje hus som skal fungere som alternativ til nyreiste kulturhus. I denne samanhengen har eit gamalt ord fått ein renessanse: samfunnshuset:

– Eit samfunnshus med ei mindre scene enn storscena i kulturhuset vil dekkje dei små kulturarrangementa, seier ordførar i Ullensaker, Harald Espelund, til Romerikes Blad.

Økonomisk blåmåndag
I kommunelova heiter det at kommunar skal syte for økonomiske tiltak som fremjar og legg til rette for eit breitt spekter av lokale kulturaktivitetar. Her ligg nettopp funksjonen til kulturhusa: Dei praktfulle bygningane skal fyllast med kommersielle arrangement som skal skapa inntekter, slik at det kan banast veg for den friviljuge kultursektoren.

Men slik fungerer det altså ikkje alltid i røyndomen. Dag og Tid gjev atter ordet til Torger Reve, professor i strategi og industriell konkurranseevne ved Handelshøgskulen BI:

– Det er for stor skilnad mellom dei politiske visjonane for eit kulturhus og den praktiske røyndomen. Politikarane har hatt for store forventningar til kulturhusa: Dei skal vera signalbygg som set byen på kartet, og kraftsentrum som fremjar verdiskaping, tilflytting og økonomisk vokster.

Problemet ligg i det faktum at kulturhusa heller ikkje lukkast med dei store arrangementa, dei som skulle sponse det lokale kulturlivet:

– For å få økonomiske resultat satsar ein på nasjonale og internasjonale artistar. Men ikkje eingong dei store kommersielle namna maktar å fylle alle sessane. I tillegg har kommunane ikkje gjort eit godt reknestykke på dei økonomiske kalkylane. Byggje- og investeringskostnader er éin ting, men ein må òg finne driftsmidlar til kulturhus, som skal dekkje vedlikehald og inntekt til tilsette.

Om dei fleste kulturhus er underlagde norske kommunar i ulike driftsmodellar, som inntekt til tilsette.

Om dei fleste kulturhus er underlagde norske kommunar i ulike driftsmodellar, som kommunale føretak og kommunale resultateiningar, og dermed ikkje kan gå konkurs som ei privat bedrift, ottast Reve for framtida deira.

– Kulturhus-Noreg vil få ein økonomisk blåmåndag. Norske kulturhus kan ende opp som

ymjehallar i norske bygder; dei må stengjast fordi kommunen ikkje har midlar til å halde dei i drift.

Stjørdal dyrast i Noreg
Kulturhus-boomen stod sentral i ei evaluering av kulturpolitikken under dei raudgrøne som kom i august. Leiar for evalueringa, tidlegare kulturminister Anne Enger, viser at «kulturlyftet» til regjeringa har vore forfeila på mange område, særleg har den lokale grunnmuren tapt på kostnad av reising av kulturhus.

– No er turen komen til grasrotkulturen, uttala Olov Grøtting, kulturpolitisk talsmann for Sp, i reaksjon på evalueringa til media.

– Det må byggjast lågterskel-fleirbrukshus i Noreg, held ho fram.

Enger-utvalet sende altså ut signal til Kommune-Noreg, men har kommunane vist teikn til snunad i spørsmålet? Svaret er nei, det er i alle fall tydeleg dersom vi kikar på den kommunen med det mest høgfløygde kulturhusprosjektet i Noreg: Stjørdal – ironisk nok ein Sp-kommune. Kommunen på tjue tusen innbyggjarar byggjer eit kulturhus til heile 717 millionar. Målt per innbyggjar blir kulturhuset dyrare enn det mest vidgjetne kulturhuset, Kilden teater og konserthus i Kristiansand på 1,7 milliard.

Når kostnaden blir på 33.000 kroner per innbyggjar, og det er ein sjanse for at ikkje alle i det lokale kulturlivet får glede av bygget, skjønar ein kor langt det har kome. I Stjørdal er mange redde prosjektet vil bli ein rock-city-skandale.

– Ingen har fullt oversyn
Georg Arnestad, kulturforskar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, meiner Stjørdal er eit døme på korleis kulturhusboomen har fare vilt.

– Eg er overraska over at prosessen har kome så langt. Budsjettet har dobla seg sidan planen kom til, og vedtaket om byggjing gjekk gjennom med éi røysts fleirtal i kommunestyret.

Dag og Tid spør han om det vil gagne Kultur-Noreg heller å byggje samfunnshus att.

– Nei, framtida ligg ikkje i grendehus. Det moderne kulturhuskonseptet høver Noreg i dag, men mange bygg er overdimensjonerte, og mange kommunar har ikkje kontroll over utgiftene. Vi må byggje i mindre skala og gje plass til fleirbrukssalar til det lokale kulturlivet.

– Problemet er at ingen har totaloversyn og at ikkje finst forsking på feltet. I Amerika har det vorte gjort undersøkjingar og konklusjonane deira har gjeve gode peikepinnar til vellukka kulturhusdrift. Vi treng ei liknande kartleggjing av kulturhusprosessen i Noreg.

Les saka i Dag og Tid!