Amélie vert Broadway-musikal

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Amélie til Broadway

Den franske kassasuksessen, med Audrey Toutou i hovudrolla som den vimsete franske servitrisa Amélie, er i overgangen til å verte ein Broadway-musikal.

LES OGSÅ: Frå Stongfjorden til musikaldraumen

– Allereie ikonisk musikk
Det er komponist og låtskrivar Dan Messé, frå bandet Hem, som har fått i oppdrag å adaptere Jean-Pierre Jeunet si populære romantiske komedie til musikalscena i New York. Med seg på laget har Messé dramatikar Craig Lucas and låtskrivar Nathan Tysen, som har erfaring med musikalar.

– Ein av dei store utfordringane er at det allereie er ikonisk musikk til dette stykket. Yann Tiersen sin musikk er fantastisk, seier Messé til Paste Magazine.

Sjølv om han meiner at den originale filmmusikken er mellom dei beste gjennom tidene, vil han fri seg frå trekkspelet, som er karakteristisk i filmen frå 2001. 

LES OGSÅ: – Eg er eigentleg ikkje så glad i ordet syndrom

Amanda-pris
Den romantiske komedia om Amélie, som levde ein svært skjerma barndom og seinare freistar å hjelpe andre rundt seg, selde over 8,5 millionar billettar på franske kinoar og fekk inn over 173 millionar dollar på verdsbasis.

Det er framleis ikkje kome noko offisiell dato på kva tid musikalen skal setjast opp. Tida vil syne om Messé klarar jobben med å formidle den populære historia på ei scene. Det er i alle fall ingen tvil om at det er eit stort ansvar, i tillegg til å verte ein kommersiell suksess henta filmen inn prisar frå heile verda

Her heime fekk «Den fabelaktige Amélie fra Montmartre» Amanda-prisen for beste utanlandske film. Filmen har i alt vunne 54 ulike prisar og vart nominert til fem Oscar-stautuettar, mellom anna for beste utanlandske film.

Sjå filmtraileren i vindauga under.