Folket vil avgjere kommunestrukturen

Berre éin av tre i ei ny undersøking meiner det er akseptabelt å bruke tvang for å slå saman kommunar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

65 prosent meiner dette spørsmålet skal baserast på fri vilje, viser ei undersøking TNS Gallup har gjort for Lokalsamfunnsforeininga, gjeve att i Klassekampen.

LES OGSÅ: 265 kommunar diskuterer samanslåing

Fire av ti negative
På dette spørsmålet svarer ein av tre at det er ok med tvang, mens 2 prosent ikkje tek stilling. Berre fire av ti av dei spurte stiller seg likevel negative på spørsmål om korleis dei stiller seg til kommunesamanslåing generelt.

LES OGSÅ: Ber Stortinget slå saman kommunar

Innbyggjarane bør avgjere
På spørsmål om kven som bør avgjere om kommunen din skal slåast saman med ein eller fleire nabokommunar, svarer halvparten at innbyggjarane sjølv bør ta avgjerda. Éin av fem meiner Stortinget bør bestemme, mens fylkespolitikarane og kommunepolitikarane får nokolunde lik oppslutning blant den resterande tredelen av dei spurte.

– Det er ikkje nytt at folk er motstandarar av tvang. Det overraskande her er at berre 20 prosent meiner at Stortinget skal avgjere samanslåing, seier leiar Ole Gustav Narud i den tverrpolitiske organisasjonen Lokalsamfunnsforeininga.

LES OGSÅ: KrF splitta om kommunesamanslåing

Samanslåing med dei borgarlege
På den raudgrøne sida er Arbeidarpartiet opne for tvang i enkelte tilfelle, mens SV og Sp er klart mot. Dei borgarlege partia varslar likevel omfattande samanslåing, om nødvendig med tvang.