Ungane deira blir trua på livet, valdtekne og slått i heimlandet.

Mona Terjesen, Tysvær Bygdeblad
Mona Terjesen, Tysvær Bygdeblad

Opposisjonspolitikarane i Europas siste diktatur Kviterussland ofrar både sin eigen og familiane sin tryggleik – i kampen for eit demokrati.

Dei tilhøyrer det kristendemokratiske partiet Belarusian Christian Democracy «BCD». Eit opposisjonsparti som etteretingstenesta med utenkelege midlar, forsøker å stoppe.

Siste tida har det versert ei sak i media, som fortel korleis den 16 år gamle dottera til ein av menna i organisasjonskomiteen til BCD Viachaslau Sheleh, blei tatt med i skogen av to vaksne menn, dekka av svartmaling, kledd naken, slått, valdtatt og etterlett aleine. Jenta fekk eit nervesamanbrot etterpå.

LES OGSÅ: Vi leikar ikkje med diktatorar

Ikkje godkjent
Måndag kveld er fire mandat frå BCD på besøk hos Rogaland- og Tysvær KrF. Dei er tilstades då KrF pakkar partiprogramma sine i kommunestyresalen og me treff dei for ein prat.

– Me blir ikkje godkjent som politisk parti i landet vårt. Trass i at me gjer alt etter boka og søker på riktig måte, får me avslag på avslag. Dei finn alltid noko dei meiner dei kan ta oss på. Og sidan lova seier at det ikkje er lov å drive uorganisert politisk arbeid i Hviterussland, blir det vanskeleg for oss å jobbe for ei endring, fortel Volha, Kalina, Yauhen og Ivan.

Straffa for å drive politisk arbeid uregistrert er fengsel i opptil to år av gangen.

Les saka i Tysvær Bygdeblad!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.46
ANNONSE