Operahuset i nattdrakt
Luke Shepard samla pengar på internett for å reise gjennom Europa og fotografere arkitektur.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Strålande byar i mørket
Filmen «Nightvision» er ein timelapse – ein video sett saman av ein samanhengande serie bilete – med spektakulære nattbilete av mellom anna Operahuset i Oslo. Filmen, som ligg ute på nettstaden Vimeo, vekkjer åtgaum på internett. I skrivande stund har videoen over 440.000 visningar og er spesielt anbefalt av dei tilsette på nettstaden.
LES OGSÅ: Grip sjansane på nettet
Sponsa av privatpersonar
Bak timelapsen står Luke Shepard, ein ung fotograf frå USA, som er oppvaksen i både Belgia og statane. 22-åringen lanserte ideen om å lage ein video av spektakulære bygg på nattetid på nettsida kickstarter.com, der han ba om 17.000 dollar for å realisere prosjektet.
At privatpersonar vert oppmoda til å finansiere kreative prosjekt og gründerar – såkalla crowdfunding – er ei veksande trend på internett.
Med over 19.000 dollar frå 174 bidragsytarar fekk den unge fotografen Luke Shepard, medhjelparen Henry Farrow Miller og eit Canon 5D Mark III, råd til å dra på ein 90-dagers interrail gjennom Europa for å ta over 20.000 nattfotografi av europeisk arkitektur. I løpet av dei tre månadane vitja dei 36 byar i 21 land.
LES OGSÅ: På flukt med fotoapparat
– Feiring av arkitekturen
– «Nightvision» er ei feiring av den strålande og varierte arkitekturen ein finn rundt i Europa, skriv Shepard på nettsidene sine.
I tillegg til arkitekt Tarald Lundevall og Snøhetta sitt Operahus i Oslo, har operahuset i København vorte avbilda, saman med meir klassisk europeisk arkitektur som romerske Colosseum Berlinerdomen, basilikaen Sagrada Famíliai Barcelona og Tower Bridge i London.
NIGHTVISION from Luke Shepard on Vimeo.