Den store utbreiinga er ein biverknad av den enorme fridomen til folk, meiner psykolog.

NPK-NTB
NPK-NTB

Noreg er blitt kåra til det beste landet i verda å bu i, og folk har meir fritid, betre økonomi og er meir fristilte enn i andre land. Men tal frå Statistisk sentralbyrå viser at ein av fem unge mellom 16 og 30 år oppsøkjer hjelp mot depresjon, og mellom 6 og 12 prosent av heile befolkninga har depresjon til kvar ei tid, ifølgje Folkehelseinstituttet.

Førsteamanuensis ved psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo, Ole Jakob Madsen, meiner utbreiinga av depresjon er ein biverknad av den enorme fridomen folk har, skriv VG.

LES OGSÅ: Ungdom er mest einsame

– Realiseringsmoglegheitene er gode, men kan også bli ein botnlaus jobb. Vissa om at alt potensielt er mogleg, saman med frykta for ikkje å utnytte desse godt nok, blir vond for mange, seier Madsen til avisa. (©NPK)

Kva trur du? Er den store fridomen vår med på å gjera fleire deprimerte? Kva kan ein gjera for at færre skal oppleva å bli deprimerte?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45
ANNONSE