Sp: Brunosten dyrare med Høgre

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

- Dyrare brunost med Høgre

Senterpartiets stortingsgruppe har innhenta tal frå Finansdepartementet og rekna ut at ein gjennomsnittleg norsk familie på fire må betale 11.000 kroner meir i året for mat under ei Høgre-styrt regjering, skriv Dagbladet.

LES OGSÅ: EU er imot norsk ostetoll

2 kroner dyrare ost
Blant anna vil ein brunost som i dag kostar 22 kroner, koste 24 kroner dersom Høgre får styre landet, ifølgje Sps berekningar.

Landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) meiner han har avslørt at Høgre på denne måten skal finansiere kutt i formuesskatten. Han viser til at Høgre i sitt alternative statsbudsjett kutta 1,6 milliardar kroner i formuesskatt, og auka matmomsen med 1 prosent, som gir ei inntekt til staten på 1,4 milliard kroner.

Matmomsen er i dag på 15 prosent. Dersom Høgre går inn for full moms på mat, altså 25 prosent, vil det gi 14 milliardar kroner i auka skatteinntekter, ifølgje Vedum. Formuesskatten gir 15 milliardar kroner i inntekter.

LES OGSÅ: Utanlandsk løysing på jordbærmangelen

– Slutte å røre
Høgres stortingsrepresentant i finanskomiteen, Jan Tore Sanner, avviser Vedums påstand.

– Det er tøv. No må Senterpartiet slutte å røre. Det er vel Høgre som må definere Høgres politikk, ikkje landbruksministeren, seier han.

Han legg til at Høgre har nesten same haldning til matmomsen som den sitjande regjeringa, og at Høgre aldri har sagt at det vil ha full moms på mat. Han avviser kategorisk Vedums påstand.