Politikk og Paradise

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vida Lill tok eit val

– Tenk kor artig det hadde vore med Paradise Hotel-deltakarar på Stortinget. Det hadde vorte sjukt kult, då hadde det blitt action, sa programleiar Christopher Birknes i den fyrste podcasten av Valgpodiet.

LES OGSÅ: Kjempar for å få fleire unge veljarar

Frå Mexico til Løkka
Nokre episodar seinare sit dei i den 30 kvadratmeter store leilegheita til Paradise-vinnar Vida Lill Berge på Grünerløkka i Oslo.

I reality-serien Paradise Hotel vert norske ungdommar sendt til eit hotell i Mexico og tilsett store mengder alkohol for å lage sjåarvennleg tv med festar sex og intriger. 

Til slutt står eit vinnarpar att i ein finale. Dei står med kvar si kule og eit val. Slepp ein person kula stikk han av med premiesummen sjølv. Vel dei å helde kula får dei heile premiesummen på 300.000 kroner på deling.

Under fjorårets Paradise Hotel-finale sjokkerte 22-åringen då ho slapp kula i golvet og stakk av med 200.000 kroner sjølv og gav 100.000 til ein deltakar som ikkje kom til finalen. Dette er ein av grunnane til at radioprogrammet Valgpodiet har vald å vitje ho: Vida Lill tok eit val.

Les intervju med førstegongsveljarar her.

I seng med Vida Lill
– Kan me late som det er di seng? spør radiovertane før opptak.

Vida Lill har teke plass i senga til romkameraten, som bur i stova. Det har aldri vore så mange på besøk i den vesle leilegheita før –  ei heller har det vore eit heilt radiostudio der inne. 

Med podcasten, som skal sendast to gongar i veka fram mot valet, vil Eddie Ingebrigtsen og Christopher Birknes få førstegongsveljarane opp av sofaen. Sjølv sit Birknes i sentralstyret i SU og Ingebrigtsen er tidlegare AUF-ar, men podcasten er partipolitisk uavhengig.

I andre podcast gjesta dei hytta til Einar Gelius, neste gong vert lyttarane kjend med stortingspresident Dag Terje Andersen, men no sit dei altså i stova og kjøkkenet til Vida Lill Berge, som for tida arbeider som bartender.

LES OGSÅ: Politikarane er som mobiloperatørar

Saka fortset under biletet.


Frå venstre Eddie Ingebrigtsen og Vida Lill Berge er einige om at fleire unge bør stemme.

Politikk på Paradise
I Paradise Hotel omtalar deltakarane hyppig “spelet”, deltakarane “speler” og skuldar andre for å “spele”. Politikk og det politiske spelet er heller fråverande tema i TV3 sin sjåarsuksess. Dette interesserer Valgpodiet:

– Er du litt politikardum?

Dette vil ikkje Vida Lill påstå.

– Eg er engasjert og veit litt. Eg har faktisk tidlegare vore med i både SU, AUF og RU, fortel Vida Lill.

– Eg var på ein vårleir med Raud Ungdom. Det var kult, men dei song litt mange kommunistsongar på bussen, smilar ho

LES OGSÅ: – Å stemme er engasjement

Statsminister for ein dag
Ein ventar kanskje ikkje at ein Paradise-deltakarar har eit bevisst forhold til feminisme, men det har denne jenta. I fjor gjesta Vida Lill Berge Sosialistisk Ungdom sin sommarleir der ho prata om feminisme og kjønnsroller i Paradise Hotel.

– Det er veldig gjevne kjønnsroller på Paradise. Guteprofilane får vere sjefar og er ofte dei som vert hugsa, medan jentene får ei FHM-framside.

Men om no ein Paradise-deltakar fekk vere sjef i Noreg for ein dag, kva ville ho gjort som statsminister?

– Eg ville betra kollektivtransporttilbodet. Fått fleire avgangar og gjort det billegare, svarar Vida Lill, som meiner det er viktig at ein finn dei sakene som engasjerer ein personleg.

LES OGSÅ: Målungdom rosar Paradise Hotel

Viktig å stemme
Hemmeleg val står sterkt i den norske folkesjela, noko Birknes meiner legg ein dempar på debatten. Sjølv stemmer han SV og freistar å Ingebrigstsen til å gjere det same. Kva personane dei gjestar stemmer er eit obligatorisk spørsmål:

– Eg har ikkje bestemt meg heilt, men det vert nok raudt eller SV, avslører Vida Lill, som meiner at det å stemme er viktig for at demokratiet skal fungere.

At unge ikkje nyttar stemmeretten sin er problematisk, meiner Eddie Ingebrigtsen.  Difor vil Valgpodiet nytte humor og mykje sex for å gjere politikk meir tilgjengeleg for unge lyttarar.

– Kva politikar ville du helst ha lege med? Spør Christopher Birknes.

– Audun Lysbakken.


Vida Lill Gausemel Berge er ikkje redd for å avsløre kva ho skal stemme.