Veksande trebåtfestival

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er sjuande året det vert arrangert trebåtfestival i Ulsteinvik på Sunnmøre. Festivalen som starta i det små, har no vokst seg til ein festival som er kjent i trebåtmiljøet i Noreg, og som fyller hamna med tre- og veteranbåtar, og trekkjer til seg tusenvis av interesserte publikummarar.

– Vi har ei målsetjing om at dette ikkje skal vere ein dyr festival for publikum. Difor er veldig mykje av arrangementa gratis. Gratis hamneplassar for dei tilreisande med gratis straum og internett. Det har i alle år vore satsa på underhaldning for alle. Spesielt i år vil vi skryte litt av programmet vårt seier festivalleiar Karl Johan Barstad i ei pressemelding.

LES OGSÅ: – Festivalar skapar stoltheit

Kaptein Blåtann
– Det er det største programmet til no, og byr på innhald frå barne-tv, show, dans, kystkultur og trekkspel. Vi har også eit veldig godt foredrag med den tidlegare fotballspelaren Dagfinn Enerly som vart lam etter ei skade på fotballbana. I tillegg blir det tivoli, Eliasbåt og fleire mindre arrangement rundt om i sentrum. Marcus og Martinus frå MGP Jr kjem også. Laurdag kjem den trufaste Kaptein Blåtann seglande inn på hamna, og skal halde stort sjørøvarshow for dei minste.

LES OGSÅ: Festivalar for alle

Ausekar
Årets trekkplaster er bandet Ausekarane, der Tor Endresen og Bjørn Jenssen (Salhus Vinskvetten) står i front. Dei har turnert kysten rundt i ei gammal ferje i fleire år, og legg no turen til festivalteltet under Trebaatfestivalen.

Byggeaktiviteten i Ulsteinvik sentrum er stor under festivaldagane. Dette har arrangørane teke omsyn til. Difor er alle aktivitetar samla utanfor områda der det er anleggstrafikk. Dette gir ein kompakt og triveleg festival lokalisert på Geileneset og rådhusplassen.