Erlik er det einaste gatemagasinet i verda som ikkje er avhengig av statleg støtte. Dette gav dei ein internasjonal pris.

mm

=Oslo har vorte seld i hovudstadens gater av narkomane og heimlause sidan 2005. Kvar månad vert det seld rundt 35 000 eksemplar og halvparten av fortenesta går direkte til seljaren.

Nyleg gjekk skipa International Netwok of Street Papers (INSP) si årlege gatemagasinmesse i München. Den tyske byen sitt eige gatemagasin, BISS, var vertar for samlinga der over 100 gatemagasin frå over 30 land deltok.

Designskryt
I tillegg til prisen for «Sosialt entrepenørskap», henta det norske gatemagasinet Erlik heim prisen for beste design.

– Uansett kva pris me får går han til seljarane, fortel redaktør og dagleg leiar Anlov Peter Mathiesen, som stiller prisane opp saman med dei andre, der seljarane hentar =Norge.

=Oslo, som starta i 2005 og vert seld på gata i hovudstaden av narkomane, skifta i mars namn til =Norge, for å famne om dei andre byane på Austlandet der bladet vert seld. I Bergen kan ein kjøpe Megafon av gateseljarar og i Trondheim finn ein gatemagasinet Sorgenfri.

– Seljarane vert stolte når dei ser prisen. Det er ikkje alle som tenkjer på at dei har kollegaer i over 100 land, fortel Mathiesen.

LES OGSÅ: – Vi bør ikkje gje til tiggarar

Sa frå seg støtta
Det er fire år sidan stiftinga Erlik sa frå seg siste rest av statleg støtte, Mathiesen visste at dette var unikt, men var ikkje før no sikker på at dei var det einaste gatemagasinet i verda som ikkje var avhengige av statleg støtte.

– Ein slik pris betyr ganske mykje fordi me vert anerkjend av mange dyktige folk som har drive med dette mykje lenger enn oss, seier redaktøren.  

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

LES OGSÅ

ANNONSE