Du kan registrere farer i sjøen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du kan kartlegge farer i sjøen

– Med dagens teknologi ville det tatt 30 år å få merke alle skjæra i kartet, skriv Nordeca og Redningsselskapet i ei pressemelding.

Dei har gått saman om å lage ein ny sjøkart-app for nettbrett og mobiltelefon. Denne inneheld dagens kart, men gir også høve til å merke nye farar.

– Brukaren kan registrere og sende inn posisjonen på eventuelle skjær eller grunner som han finn, slik at desse blir å finne i nyare versjonar av kart-appen, seier Thomas Huke i selskapet Nordeca.

LES OGSÅ: Ny redningsskøyte til Sunnmøre

Karta blir registrerte gjennom GPSen i telefonen og sendt via internett til Nordeca.

– I høve til tidlegare er dette ei ny verd. Då måtte du gå inn på eit skjema på nettet og fylle inn posisjonen til skjæret. No blir alt gjort der ute – der og då, men sjølvsagt skal vi ha kontrollrutinar for å unngå feilregistreringar, seier Huke.

"Båtsport" fungerer for iPad, og er gratis å laste ned og bruke dersom du har mobildekning og lastar ned karta etter kvart. Det kostar likevel pengar om du vil laste ned karta til telefonen for å sleppe å bruke mobilnettet.

Les saka i Vikebladet!