Lån ein Vangsgjelding!

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her kan du låna folk på biblioteket

Sola steiker mot fjellsidene. Bysten av Aasmund Olavsson Vinje står steinstøtt ved Bygdinvatnet og tusenvis av festivaldeltakarar myldrar ikring på Eidsbugarden i Vang i Valdres.  

Nytt av året er eit folkebibliotek, der du kan låne deg ein lys levande vangsgjelding. Caroline Fleten har stått for idé og gjennomføring.

LES OGSÅ: – Festivalar på bygda meir lønsame enn i byen

– Eg jobbar med bygdeutvikling i Vang, i prosjektet Innovangsjon. Da var det naturleg å gjera eit stunt opp mot Vinjerock. Vi trur at deltakrarane her, som er glad i naturen, er potensielle tilflyttarar. Mange drøymer om å bu ein plass der dei kan sysle med hobbyen sin, som ofte er friluftsliv, påpeikar Fleten, som har fått stillingstittelen Innovangsjonsminister. 

– Korleis har responsen vore så langt?

– Veldig bra. Alle utlånstidspunkt har vore booka. Alle vi pratar med synes det er eit kjempekult konsept.

På sikt håpar Fleten å få fleire tilflyttarar, men folkebiblioteket er også tenkt som rein sosialisering.

– Det skal vera eit lågterskeltilbod. Ein kan berre sitja ved vatnet, drikke øl og bli kjent. Eller høyre interessante historier frå området, seier ho.

Frivillig til Vang
Ein av dei som låner ut seg sjølv er Marte Tangen. Ho er 28 år gammal, kjem frå Målselv i Troms, og jobbar som dagleg leiar ved frivilligsentralen i Vang.

– Eg kom til Vang med kjærasten min som er vangsgjelding. Vi budde i Oslo nokre år, men hadde lenge tenkt på å flytte hit. Han hadde med seg eiga bedrift. Eg er utdanna skodespelar.

– Og no legg du den karrieren på hylla?

– Ja, for ei tid. Eg hadde lyst å prøve noko anna enn Oslo. Her er det ikkje tusen andre som står ved sidan av deg og vil ha same jobben. I ei mindre bygd har ein større mulegheiter til å vera ein ressurs, og eg synes eg får brukt både dei kreative og sosiale evnene mine i jobben min.

LES OGSÅ: Lagar filmfestival på fjelltopp

Tangen meiner det er viktig å stille opp for folkebiblioteket.

– At det var unge folk og eit kreativt miljø var utslagsgjevande for at eg sjølv flytta til Vang, og eg vil gjerne formidle dette vidare. Det skjer like mykje sosialt som andre plassar, fordi det bur kreative og aktive folk her som finn på mykje saman.

Vestland på austlandet
Også Caroline Fleten, som hadde initiativet, stiller seg sjølv til utlåns. Ho har også gått mot flyttestraumen og er så langt svært nøgd.

– Eg budde i Oslo, og hadde alle venene mine der. Så eg vil fortelja om det å bryte opp og flytte til ein plass der ein ikkje kjenner nokon. Det er mykje lettare enn ein skulle tru, så lenge ein gjer ein liten innsats sjølv for å bli kjent med folk, meiner Fleten.

Fleten har master i folkehelsevitskap, og  var i gang med ein doktorgrad i Oslo. Men ho syntest  det vart for snevert, og ville forsøke å flytte og ta med seg doktorgradsprosjektet. Ho fann Innovangsjon via Facebook, og tok kontakt med dei. Fleten opplevde ein overveldande respons.

– Dei hjelpte meg med bustad, og eg vart introdusert for folk veldig fort. Brått hadde eg ein gjeng. No har eg fått jobb og tenkt å bli buande. Vang har gitt meg gode vener og vestlandsk natur på austlandet, seier 31-åringen nøgd. 

LES OGSÅ: Festivalar for alle