Tulla om spionbesøk

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein tysk mann inviterte Facebook-venene sine til å spasere ein tur kring spionsenteret nær heimen hans, førre laurdag. Det skal ha resultert i at den amerikanske sikkerheitstenesta National Security Agency (NSA) kom på døra.

Team Edward
Sjølv om mediane vert skulda for å fokusere vel mykje på katt og mus-leiken mellom Obama-administrasjonen og varslaren sjølv, har Edward Snowdens avsløringar sett fokus på amerikansk overvakingsverksemd. The Guardian er blant avisene som har teke avsløringane på alvor, men no melder også The Local om lyssky aktivitetar frå NSA. Denne gongen på tysk jord.

LES OGSÅ: Vil bryte med Moskva

Ifølgje avisa fekk nemleg tyske Daniel Bangerts (28) Facebook-vits overraskande følgjer. Bangert hadde tulla om at NSA leste Facebook-statusane hans, og at han berre venta på å få spionar på døra. Det gjorde han også.

– Eg var veldig trøtt då telefonen ringte i sjutida på morgonen, og ein politibetjent byrja å spørje meg ut om kva eg hadde planlagt. Så ringde det på døra, og eg såg ein politibil parkert utanfor. Betjenten på telefonen bad meg om å opne døra for dei andre, hevdar Bangert, som tidlegare har vore med i Blockupy-demonstrasjonane i Frankfurt.

Bangert kledde seg ifølgje seg sjølv i ei “Team Edward”-t-skjorte med bilete av varslaren, før han opna døra. Der skal nok ein politibetjent ha stilt han ei rekkje spørsmål om kva planar han eigentleg hadde med spaserturen.

LES OGSÅ: Verda blir mindre fri

Ein utrydningstruga rase
Bangert står bak ei gruppe med namnet “NSA Spy Protection League”, med det spøkefulle målet om å verne amerikanske spionar, som om det var ein utrydningstruga art. Saman med nokre vener ville han ta ein spasertur, for å “observere spionane i sitt naturlege habitat”, også kjent som Dagger-komplekset i Griesheim. Komplekset skal vere base for NSA, som har vore skulda for å overvake tysk Internett-trafikk.

Den tyske mannen hevdar ein sikkerheitsagent kom til heimen hans saman med ein politibetjent. Dei skal ha stilt han mange spørsmål om hans politiske aktivitetar og meiningar, og om han er knytt til valdelege aktivistar. Dei meinte at Facebook-posten hans kunne verte tolka på ulike måtar. Han fekk òg beskjed om å registrere spaserturen.

– Dei sa at eg ikkje burde publisere noko om dette på Internett. Dei verka uroa for at spaserturen skulle komme ut av kontroll dersom mange folk møtte opp, seier mannen til The Local.

Til sist møtte kring 80 personar opp og spaserte kring den amerikanske basen. 

LES OGSÅ: Sensitivt stoff på skrivemaskiner