Alltid budd, alltid på nett

10.000 speidarar med trådlaust nett på landsleir.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Landsleiren har hatt stor pågang på nettsidene sine. På ein time har dei hatt opp imot 1000 vitjande og i løpet av ein dag har nesten 10.000 vore innom. Både Kristian Solbakken, Jon Martin Bakka og Morten Ødegaard som har vore sterkt involvert i nettsida synest dei gode besøkstala er utruleg moro.

Leirsongen, “We Got What It Takes”, laga av Hanne Sørvaag er sett over 9000 gonger.

Det er òg stor pågang på facebooksida deira. I løpet av leirveka har oppdateringane nådd ut til 93.000 unike brukarar. Dette gjeld både bilete, videoar, kjappe oppdatering og linkar til presseoppslag. Flyfotoet av leiren er det mest populære innlegget på facebook med 98 delinger, som gjer at over 15.000 brukarar har sett dette biletet i sin eigen nyhendestraum.

– Det er fint å kome seg på Facebook når ein er i Noreg, seier Mathilde (16) frå Danmark til stavanger2013.no.

Ho og venninna Frida (16) følgjer sjølvsagt facebooksida.

Det er lagt store mengder fiberkabel for å gje heile leiren nettdekning. Totalt ligg 2,5 kilometer kablar i bakken, i tillegg til kobbarkablar.

– Speidarane har klart å bruka omkring 50 Gbit på facebook i løpet av eit par døgn, fortel leiar for nettverket på leiren, Svein Magne Jørgensen.