Korrigerer Justin på Twitter

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 «Hi @justinbieber, I'm 9. You're great but your tweet has a mistake! :)» Dette er eit døme på Twitter-meldingane som har gått ut til diverse kjendisar frå ein språkskulen Red Ballon i Sao Paulo, Brasil.

Læraren Andrea Baena gav elevane i oppgåve å finne sine favorittkjendisar på Twitter, lese meldingane deira og finne eventuelle skrivefeil.

Rettskrivinga til stjerner som Justin Bieber, Lady Gaga, Harry Potter-skodespelar Daniel Radcliffe, Kim Kardashian, Miley Cyrus, Rihanna, Pink og Sylvester Stallone, vart granska.

Fann elevane feil var oppgåva å presentere desse for klassekameratane sine, saman riktig skrivemåte. Etterpå sendte elevane ein tweet frå skulen sin Twitter-konto: @RedballoonBR.

Den alternative undervisninga har hausta åtgaum frå diverse Twitter-brukarar, som har fått med seg den tidsriktige engelskundervisninga.