Høgt og lågt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Filmen handlar om Svein Olav Lien frå Grungedal og Gøran Høyvik Ulltang frå Førde. Dei arbeider som ski- og snøbrettlærarar med Hovden skigymnas i Setesdal, og i filmen utforskar dei Grungedal med ski og snøbrett på føtene.

Heile filmen er filma i Grungedal og sjåarane får vera med til heimgarden til Svein Olav og rundt i fjellsidene i bygda. Her er me vitne til heftige utforkøyringar og sprelske hopp.  

Bygdepatriot  
Morten Bergene frå Risør studerer filmproduksjon med spesialisering i filmfotografering ved Noroff fagskule i Oslo, men reiste på utveksling til Wales i Storbritannia for å ta tredje og siste året i bachelorgraden. Han valde likevel å reise tilbake til heimlandet, og nærare bestemt Grungedal for å filme avgangsprosjektet sitt.

– Planen var eigentleg å spela inn filmen på Hovden, men då Svein Olav viste meg rundt i heimbygda si såg eg sjansen til å gjera noko spesielt. Den tilknytinga han har til heimplassen sin ville eg gjerne få med i filmen. Svein Olav er sjølvutnemnd bygdepatriot og hadde ikkje noko imot å promotere Grungedal litt ekstra.

– Eg stortrivst med å stå på ski i Grungedal og her var me sikra urørt snø og godt terreng. Dessutan er det ein stad ikkje så mange veit om, og eg vil gjerne vise fram alle dei sjansane ein har her og kor flott ein plass det er å bu, seier grungedølen. 

Den ferske filmfotografen kan han heller ikkje få rost nok.

– Morten Bergene er veldig flink. Eg har aldri arbeidd med ein som er så dyktig og profesjonell som han, og eg håpar me får jobba meir saman.  

LES OGSÅ: – Min største skrekk er å bli vaksen

Prisvinnar  
Bergene finpussar endå på filmen som har fått namnet «Freeriders», men den skal vera heilt ferdig innan eit par veker. Likevel har filmen alt vunne ein pris ved University of South Wales i Cardiff, der Bergene har studert det siste året, for beste dokumentarfilm. No skal tida framover gå med til jobbsøking for den nyutdanna filmfotografen.

– Eg har søkt jobb innan dokumentarfilmproduksjon. Det er det eg har lyst til å halde på med

LES OGSÅ: Frå Volda til Cannes på eitt år

Les saka i Vest-Telemark Blad!