– Som kvinne er det vanskeleg å tørre å vera upopulær

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Må tørre å vera upopulær

– Eg utdanna meg i litteratur, film og media, før eg byrja på filmskulen. Eigentleg ville eg bli forfattar, men eg visste ikkje korleis det skulle gå til. Etter filmskulen skrev eg omlag femten noveller, ei av desse viste seg å vera ok som utgangspunkt til ei bok, svarar Sara Johnsen på spørsmålet om korleis ho har kome dit ho er i dag. For i dag kan ho leve av å skrive og regissere, noko ho er veldig glad for.  

– Eg har fått ganske mykje hjelp og støtte frå flinke folk, som har delt erfaringar og vore kritikarane mine. Då eg byrja å skrive byrja eg også å ta vare på min egen fantasi, minne og erfaringar. No har eg laga tre filmar og skrive to bøker, men eg synes ikkje eg har klart å lage noko fantastisk bra enno. Eg håpar eg snart får det til.  

Kva drøymde du om som 18-åring?  
– Heilt ærleg drøymde eg om mann og barn. Særleg barn.    

Kva bok har påverka deg mest?  
– Det er vanskeleg å seie, men i ungdommen las eg John Irving, Alice Hoffmann og Fjodor Dostojevskij. Dostojevskijs "Idioten" betydde mykje.  

Kven er dine største forbilde?
– Nelson Mandela er vel vår tids største mann, måten han kom tilbake i politikken på og søkte forsoning med dei verste overgriparar. Elles beundrar eg folk som jobbar i helsevesenet eller skulesektoren – folk som arbeider for å hjelpe andre. Av forfattarar er det mange, eg likar Alice Munro veldig, og også Margareth Atwood. Lukas Moodysson er ein filmskapar eg beundrar. Han lagar nye og annleise filmar.  

Kva meining har ordet feminisme for deg?  
– Frigjering frå førestillingar om korleis ein skal vara, retten til å vera meir menneske enn kjønn. Det er også noko dumt og tullete ved det, for feminismen er latterlegjort gjennom ekstreme folk og mangel på sjølvironi.  

Er du ein feminist?  
– Ja.  

Har du nokre gong møtt utfordringar som kvinne i din bransje?  
– Ja, mange gonger, men dei største utfordringane har nok lege inni meg sjølv. Som kvinne er det vanskeleg å tørre å vera upopulær.  

Er det noko du skulle ynskje du kunne?  
– Springe fort og lenge. Finne fram i skogen. Symje langt, under vatn.  

Kva gjer deg lukkeleg i kvardagen?  
– Sol, mild vind, barna mine og vener. Eg blir veldig glad om eg klarer å skrive ein setning eg synest er sann.

Kva er dine beste tips til ungdom som vil lukkast i din bransje?
– Jobb saman med nokon du likar, ver open og konsentrert. Skriv kvar einaste dag og finn din eigen stemme. Skriv om det som er sant for deg.

LES OGSÅ: Meir vaksne enn dei vaksne                                               

Faktaboks

Sara Johnsen

Regissør av filmar som Vinterkyss, Upperdog og Uskyld.

Forfattar av bøkene White Man og Han vet om noe hun kan prøve.

Utdanna regissør ved Den norske filmskolen på Lillehammer.

Har moteke ein rekkje prisar, som Amandaprisen, Kanonprisen og Filmkritikerprisen.