Grensa for smålotteri er auka

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Større smålotteri

Frå og med 2. juli kan foreiningar og lag arrangera tene opptil 200 000 kroner på lotteri, grensa er auka frå 150 000 kroner.

– Smålotterier er en tradisjonell og trygg måte lokale organisasjonar kan få lotteriinntekter på og bidrar til et mangfald av aktivitetar, seier kulturminister Hadia Tajik.

Omsettingsgrensa for desse lotteria har ikkje auka sidan 2005.

Lokale frivillige lag og humanitære og samfunnsnyttige organisasjonar har lov til å halde små, enkle lotterier utan å søkje om tillating. For å arrangere slike lotteri er det nok at organisasjonane sender melding til Lotteritilsynet.

Desse smålotteria kan ikkje ha pengepremie som gevinst og må nytte tradisjonelle, papirbaserte loddsetlar eller loddbøker.