«Ni Liv» til Italia

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne veka vert ein nyrestaurert versjon av Arne Skouens «Ni Liv»(1957) synt på filmfestivalen Il Cinema Ritrovato 2013 i Bologna. Dette er første gong ein norsk film er teken ut til den prestisjetunge festivalen, som syner nyrestaurerte filmar frå heile verda..

Filmen er vald ut i samband med at det i år er 100 år sidan regissør Arne Skouen (1913-2003) vart fødd.

Oscar og Cannes
Arne Skouens film om motstandsmannen Jan Baalsrud, spelt av Jack Fjeldstad, fekk mykje merksemd i utlandet då han kom i 1957. Det er den fyrste av i alt fem norske spelefilmar som har vore nominert til Oscar i kategorien beste framandspråklege film. Filmen vart òg synt på filmfestivalen i Cannes i 1958.

I samband med 100-årsmarkeringa for Skauen restaurerer Nasjonalbiblioteket alle dei 17 filmane Arne Skouen regisserte mellom 1949 og 1969, ein innhaldsrik karriere der «Ni Liv» representerer høgdepunktet. Filmen vart mellom anna kåra til beste norske film gjennom tidene under Bergen internasjonale filmfestival (BIFF) i 2005.

Nye planar
Siste scene om Jan Baalsrud er nok enda ikkje filmatisert. I desse dagar planlegg manusforfattar Petter Skavlan (Kon-Tiki) og regissør Harald Zwart ei ny Hollywood-produsert engelskspråkleg filmatisering av den dramatiske historia om motstandshelten si flukt til Sverige under andre verdskrig.

– Me lagar ikkje ein kopi av Skauens film, men fortel historia på vår måte, uttala Zwart til Nordlys.no. Filmen, som har fått tittelen «The 12th Man», har enda ikkje fått innspelingsdato.