Forvirring i skolesekken

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Boka «Den kulturelle skolesekken» er resultatet av eit tre år langt forskingsprosjekt om Den kulturelle skolesekken. Her kjem det fram at fleire kunstnarar og kulturformidlarar erfarer at mangelen på forarbeid går ut over utbyttet til elevane, skriv Bergens Tidende.

Lærarane føler seg tilsidesett
Samstundes syner boka også, og paradoksalt nok, at fleire av lærarane syns det kan vere vanskeleg å finne ein plass innanfor ordninga.

–Det er grunn til å stille spørsmål ved at lærarane i mange høve vert sette på sidelinja, seier prosjektleiar Jan- Kåre Breivik, på forskingssenteret sine eigne vevsider.

Han etterlyser ein grundigare debatt om korleis ordninga er sett saman.

– Eg trur ordninga har etablert seg godt på mange måtar, men akkurat no er utfordringa at ein kviler på ein etablert praksis og kanskje ikkje tør å ta nye sjansar, seier han til Bergens tidene.

LES ÒG: Klar, ferdig, film!

Går ut over elevane
Dokumentarfilmprodusent Gunnbjørg Hage har i fem år reist frå skole til skole og snakka om og vist film, ofte til ubudde klassar. Ho meiner det er barna som taper når utbyttet av arrangementa blir dårlegare.

– Vi merkar det med ein gong når klassen er førebudd, og vi får ein dialog. Når vi kan snakke både om innhaldet i filmen og korleis det er å lage film, gir det elevane meir. Det er elevane Den kulturelle skolesekken er til for, ikkje for at vi kunstnarar skal få reise rundt, seier Hage til avisa. (©NPK)

npk@npk.no