Måndag måtte Ekstremsportveko avlysa ein skietappe grunna snømangel, men dagens Freeride går med 60 påmelde deltakarar.

mm

– Været har vore skiftande, men jamt over betre en kva vêrmeldinga har sagt, og framover mot helga lovar meldingane ganske bra, seier presseansvarleg Erlend Glück Evensen.

Følg vêrmeldingane for Voss på Yr.no

LES OGSÅ:  – Bruk festivalane meir

Meisteren fall
Det var skietappen i årets Horgi-ned triatlon, som ikkje hadde snø nok for deltakarane. Det vart difor ikkje eit tradisjonelt triatlon. Downhill og kajakketappane gjekk som planlagt, men ikkje utan dramatikk. Joar Wæhle, som har vorte meister dei siste fem åra, fall av sykkelen og måtte sjå seg slege av brasilianske Marcio Franco.

Presseansvarleg Evensen melder at dagens frikjøringskonkurranse går som planlagt på Vikafjellet, der dei har funne ei side som faktisk har ganske bra med snø. Opp mot tre meter snødjupne skal det vere somme stader på Vikafjellet.

LES OGSÅ: Her er dei beste Veko-videoane

Alle utfor
Det sekstande året Voss husar ekstremsportfestivalen er det både babymåling og Ekstrem eldrebuss på programmet. Alle skal med, men ekstremsport er framleis hovudfokus. Rundt 1200 deltakarar frå 30 nasjonar skal konkurrere i vatn, til lands og i lufta. Nytt av året er mellom anna at det er fellesstart i utforsykling, der 25 utøvarar skal knivast om å kome fyrst ned.  

Dagleg legg Ekstremsportveko ut videoar på Vimeo.

LES OGSÅ: Stadig fleire vi fly

Med ein Traa
Til no har festivalen registrert rundt 15.000 besøkjande, som får med seg meir enn berre ekstremsport og musikk. Her er teikneserieverkstad, fyrstehjelpskurs, actionkameraverkstad og slakk line. I tillegg har Voss si store dotter, Kari Traa, ein eigen urbantreningsleir for jenter. 24 jenter under 20 år får sveitte med dronninga av Voss.

Sjå tysdagsvideoen frå Veko i vindauga under:

Ekstremsportveko 2013 – Today's Video 25.06 from Ekstremsportveko on Vimeo.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44

LES OGSÅ

ANNONSE